Matprat-kokk tar vidareutdanning i Volda 

Ho er eit kjent kokke-fjes frå God morgen Norge og matfagleg rådgjevar og innhaldsskapar i Matprat, det siste året har Britt Marlene Kåsin vidareutdanna seg i matkultur ved Høgskulen i Volda (HVO).

Britt Marlene Kåsin tar videreutdanning ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Tekst: David Høyheim Skintveit

Om du har sett på God morgen Norge på TV 2 eller scrolla etter mattips- og inspirasjon i sosiale medium, dreg du kanskje kjensel på Britt Marlene. På ein tiltalande og enkel måte formidlar ho oppskrifter og kunnskap om mat – med sitt lune smil og vinnande vesen.

Britt Marlene utdanna seg innan samfunnsernæring (bachelorgrad) og helsefagvitskap (mastergrad), før ho starta si karriere innan matfaget. Hjå Matprat, som er hovudjobben hennar, har ho ei aktiv rolle innan utvikling og produksjon av nye rettar, samt mat- og ernæringsfagleg innhald i eigne medium og andre kanalar. Men trass i solid fagleg bakgrunn og fleire år i arbeidslivet, kjende ho på eit ønskje om å fordjupe seg meir gjennom vidareutdanning.  

– Eg dreiv og leita på nettet etter vidareutdanningar som kunne passe for meg. Men det var ikkje akkurat lett å finne noko innan mat som ikkje berre var eit «sausekurs» eller ei enkel kursing, ler Britt Marlene. 

Leitinga resulterte i at ho starta på studiet Matkultur ved HVO hausten 2024. Ei vidareutdanning som tel 30 studiepoeng og går over eitt år.

– Sjølv ønskja eg noko som hadde godt akademisk hald og som var «noko litt meir». Det er jo eit par slike typar utdanningar, der Matkultur ved HVO er ei av desse. Det som gjorde at dette studiet skilde seg ut for meg var det praktiske fokuset som knyt seg opp til kvar samling, og at det vidare vert knytt til teori, forklarar matprofilen vidare.   

I tillegg til dette var det også ein viktig faktor at Britt Marlene kunne kombinere studiet med fulltidsjobben gjennom helgesamlingar. 

Britt Marlene Kåsin som kokk hos God morgen Norge
Her er Britt Marlene Kåsin i full sving som kokk på kjøkkenet i studioet til God morgen Norge. 

Samlingar med mykje praktisk arbeid 

Det siste året har Britt Marlene delteke på ti samlingar i Volda, der kvar samling har hatt eit matfagleg tema i fokus. Eit gjennomgåande kunnskapsområde har vore konserveringsteori, som ho har fått djupt innblikk i – både teoretisk og praktisk.

– Gjennom hausten jobba vi mykje med konserveringslære. Første samling handla om korleis ein kan behandle frukt, grønsaker og bær slik at dei held seg over tid. Vi har også hatt samlingar om konservering av kjøt, med fokus på speking og tørking, og om mjølk og mjølkeprodukt – der vi ysta ost, laga brunost og yoghurt. I tillegg hadde vi ei eiga samling med bakst og bruk av takke, der vi laga flatbrød og mykje anna godt, fortel ei engasjert og entusiastisk Britt Marlene. 

Gjennom studiet laga studentane eigne matbloggar. Etter første samling var det eit arbeidskrav å lage noko heime som var relatert til tema frukt, grønsaker og bær. Britt Marlene valte da å konservere villplommer, også kalla Mirabelle-plommer, gjennom sylting (syltetøy) og hermetisering. Les meir om dette og andre blogginnlegg på Britt Marlene sin studieblogg

Vidare fortel ho også at det ikkje berre er matprodukt som har vore temaa for samlingane. Det har også vore tema som «mat og religion», kor mellom anna jødisk påskemat blei laga, og samisk og nasjonale minoritetars matkultur, samt samlingar med internasjonale studentar. 

– Vi hadde jo også ei samling der vi hadde den praktiske delen saman med internasjonale studentar frå emnet Norwegian Food Culture. Her var det studentar frå mellom anna Tyskland, Nederland, Frankrike og Ungarn – og da vi stod saman og laga mat, fekk vi veldig fine samtalar om korleis vi lagar tradisjonsmat forskjellig og slik, fortel Britt Marlene, tydeleg inspirert av opplevinga. 

Aktuelt for folk i mange ulike yrke

Det er førstelektor Kari Ryslett og professor Erik Fooladi som er ansvarlege for vidareutdanninga. Dei slår fast at studiet er relevant for langt fleire enn berre dei som jobbar på kjøkken. 

– Matkultur handlar eigentleg om mykje meir enn berre mat. Det er eit tverrfagleg tema, der ein òg lærer mykje om til dømes geografi og historie, forklarar førstelektor Ryslett. 

Professor Fooladi følgjer opp: 

– Studiet kan tilpassast både livssituasjon, yrke og karriere. Studentane skriv til dømes ei sjølvvald semesteroppgåve, slik at dei kan fordjupe seg i eit tema som er relevant for dei. Mat er jo så universelt at det har betydning i dei fleste fagfelt. Vi har hatt studentar med bakgrunn frå museumsarbeid, sosialfag, sjukepleie, mediefag – og mykje meir. 

Erik Fooladi og Kari Ryslett
Professor Erik Fooladi og førstelektor Kari Ryslett har ansvaret for vidareutdanninga i matkultur.

Sjølv fortel Britt Marlene at ho nyttar dei tileigna kunnskapane sine aktivt i arbeidskvardagen: 

– Vi får jo med oss eit godt utval frå pensum, som gjer at eg får det faglege grunnlaget rundt tema vi jobbar med. I jobben min ser eg òg at fleire er opptekne av historia bak maten – spesielt konservering. Kvifor måtte ein gjere det før? Korleis vart det gjort? Kva er eigentleg spekemat og tørrfisk? Eg opplever ein veksande interesse for å ta i bruk slike teknikkar heime, og gjennom dette studiet har eg fått kunnskapen eg treng for å setje interessa i ein større samanheng – og kunne hjelpe folk med å lukkast når dei prøver sjølve, seier Britt Marlene. 

Her kan du sjå Britt Marlene lage blodpannekaker på Instagram, mens i denne Instagram-videoen riv ho opp tørrfisk og lagar ei nydeleg gryte av det.

Britt Marlene Kåsin og Wenche Andersen
Britt Marlene Kåsin (t.v.) saman med den kjende og kjære God morgen Norge-kokken Wenche Andersen.

Får skryt av lærarane 

Med kombinasjonen av akademisk djupne og praktisk tilnærming, opplever Britt Marlene at vidareutdanninga i matkultur har gitt henne både ny kunnskap, inspirasjon og formidlingsglede – noko Kari Ryslett også trekker fram. 

– Det er klart det er stas med dyktige studentar. Britt Marlene er eit godt døme på korleis den yngre generasjonen bidreg til å fornye matkulturen. Ho har ei unik evne til å kombinere tradisjonelle norske rettar med impulsar frå andre kulturar, og på den måten blir ho ei viktig stemme i det å utvikle og formidle maten vår vidare, seier Ryslett med eit smil. 

Etter eit år med smaksrike opplevingar i Volda, er matprofilen Britt Marlene Kåsin klar for å dele sin kunnskap om matkultur med andre – både gjennom Matprat, sosiale medium og andre kanalar.  

Vil du sjå meir frå Britt Marlene? Sjekk ut hennar Instagram-konto for meir inspirasjon, oppskrifter og glimt frå både studiekvardagen og matformidlinga her! 

Meir informasjon om vidareutdanninga finn du her!  

Del på: