Leige av lokale

Lokala ved HVO er vanlegvis brukte til undervisingsformål måndag - fredag kl. 08 - 16
På kveldstid og i helgar er ein del av lokala ledige og kan brukast til andre formål.

  • Bruk i HVO-regi eller HVO-relatert er utan kostnad
  • Bruk i regi av student-lag og studentorganisasjonar er utan kostnad
  • Eksterne personar eller organisasjonar betalar leige for lokala
  • Høgskulen leiger ikkje ut til private arrangement som t.d. bursdagsselskap, bryllup o.l.

Søknad for utlån og utleige av rom kveld og helg, fyll ut dette nettskjema https://nettskjema.no/a/244048

På grunn av eksamensavvikling leiger vi ikkje t lokale til eksterne i desember. 

Prisliste for leige av lokale

Ved større komersielle arrangement der det vert teke inngangspengar skal prisen avtalast spesielt.

Prisen er uten spesiell tilrettelegging.

All rigging, rydding, ekstra reinhald, ekstra vakthald, ekstra vaktmeistertenester kjem i tillegg. 

Desse romma er det mogleg å leige:

 

Berte Kanutte-husetPeriodePris kommersielle aktørarPris frivillige lag og organisasjonar
Berte Kanutte 161 (Store BK, auditorium) Normal kapasitet: 179 plassar

Opptil 5 timar

Heil dag

5.000,-

8.000,-

3.000,-

5.000,-

Berte Kanutte 159 (Vesle BK, auditorium) Normal kapasitet: 58 plassar. 

Opptil 5 timar

Heil dag

2.500,-

4.000,-

1.500,-

2.500,-

Kantine. Ikkje vanleg utleige, berre utvalde arrangement etter søknad. Samfunnsnyttige formål vurderast særskilt. Maks personbelastning 355 stk. (205 sitteplasser)

Kveld

Laurdag

Helg

Søndag

20.000,-

20.000,-

30.000,-

15.000,-

7.000,-

7.000,-

14.000,-

7.000,-


Utleige av gymsalar på idrettsbygget:

Leige måndag - fredag kl. 08:00 - 15:45: Kontakt institutt for Idrett og friluftsliv på e-post Tore Sørheim

Leige måndag - fredag etter kl. 15:45 og helg: Send søknad ved å fylle ut dette nettskjema

 

GymsalarPeriodeKomersielle aktører- nyprisLag og organisasjonar- nypris
1 sal1 time (gjennomgåande) 150,-
2 salar1 time (gjennomgåande) 200,-
3 salar1 time (gjennomgåande) 300,-
3 salarLaurdag/søndag heil dag13.000,-3.000,-

 

Spesialrom med medieteknisk utstyr

HVO leiger som hovudregel ikkje ut spesialrom med medieteknisk utstyr. I særskilte tilfeller kan det foretas ei konkret vurdering. Ta i tilfelle kontakt med dekan Kate Kartveit kate.kartveit@hivolda.no.


Konsertsal

For leige av konsertsalen i Kaarstad-huset kontakt Institutt for musikk.
Mailadresse: svein.hunnes@hivolda.no 
Telefon 700 75 289 

Matservering

Ved ønske om servering i forbindelse med leie må dette avtales særskilt med kantinen.
Mailadresse: kantine@hivolda.no
Kontaktperson: Jan Harald Eikenes telefon 911 57 009