Oppdrag og utviklingsarbeid
I tillegg til det ordinære studietilbodet for gjeldande studieår held vi forskingsbaserte kurs, studiedagar, foredrag, driv prosjekt og utviklar nye etter- og vidareutdanningstilbod innan digital kompetanse, til dømes:
|
|
Prosjekt og utviklingsarbeid:
Digital kompetanse-miljøet har prosjektansvar for DigiGLU - Digital kompetanse i grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, eit stort utviklingsprosjekt der kun 4 andre institusjonar nasjonalt fekk prosjektmidlar frå Udir. Prosjektperioden er 2018-2020.
I samarbeid med Ulstein kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har vi utvikla Ulstein-modellen for arbeidsplassbasert vidareutdanning av lærarar der ein driv kompetanseheving av alle lærarar og leiarar i ein kommune.