Ulstein-modellen for digital skuleutvikling
Ulstein-modellen vart utvikla gjennom eit samarbeid med først Ulstein kommune og seinare kommunane Ørsta og Volda. Det er ein skuleutviklingsmodell der ein arbeider med kompetanseutvikling med heile organisasjonen. Modellen har basis i forsking på digital skuleutvikling og omvendt læring, der vi kombinerer nettleksjonar, utviklingsarbeid i eige klasserom og samlingar. Sentrale stikkord for modellen:
- SKULEBASERT: Alle lærarane og leiarane med - samarbeid i team og tett rektoroppfølging
- INNANFOR ARBEIDSTID: 5t arbeid i veka i 25 veker - 2 t fellestid, 3 t inn i eigen praksis
- PRAKSISNÆRT: Oppgåver tilpassa den enkelte sin arbeidskvardag
- OMVENDT UNDERVISING: Modell: Samling/Verkstad - Utprøving i eigen praksis - Nettleksjon/Teori - Utprøving i eigen praksis
- GJENNOMFØRINGSPROSENT: Alltid oversikt over korleis ein ligg an som student
- INNHENTINGSVEKER: To veker undervegs og to veker etter siste oppgåve
- INGEN SLUTTEKSAMEN: Alle fullfører delar av eksamen kvar veke - 80% gjennomføring = Godkjent eksamen
- KOMPETANSEGIVANDE: 5 studiepoeng per emne
- MÅL: Gradvis bygging av kompetanse ut frå læraren sitt utgangspunkt, med mål om å utvikle kritisk refleksjon rundt og pedagogisk bruk av digitale verktøy og ressursar i undervisninga
Emne som vart utvikla i Ulsteinmodellen:
Instituttet er ope for samarbeid med kommunar i eller utanfor vår nær-region for å utvikle kompetanse slik vi gjorde i Ulsteinmodellen fram til ca. 2021. Vi har teke med oss erfaringane inn i DEKOMP og REKOMP, men vi ser at det også kan vere rom for prosessar utanfor rammene ordningane gir og tek gjerne ein prat med interesserte skuleleiarar eller skuleeigarar. Ta kontakt med instituttleiar.