Lønsinformasjon praksislærarar PPU

Korleis du skal gå fram for å få utbetalt godtgjersle for jobben som praksislærar avheng av om skulen du arbeidar på har avtale om praksissamarbeid med oss eller ikkje.

For lærarar på skular med praksisavtale med HVO

Lærarar på avtaleskular får enkelt utbetalt lønn etter avslutta praksis. Alt du treng å gjere er å levere "Avtale om rettleia praksis" til praksiskoordinator på eigen skule. Praksiskoordinatoren sender inn avtalene frå dei ulike lærarane til praksiskoordinator ved HVO. Praksislærarlønna blir då utbetalt av arbeidsgivar som eit tillegg på den vanlege lønnsslippen. Høgskulen refunderer lønnskostnadane til avtaleskulane ein gong i halvåret.

 

Oversikt over avtaleskular

Vidaregåande skular: Borgund vgs, Eid vgs, Måløy vgs, Romsdal vgs, Spjelkavik vgs, Stranda vgs, Stryn vgs, Ulstein vgs, Ørsta vgs, Ålesund vgs 

Grunnskular: Myklebust skule, Spjelkavik ungdomsskule, Stokksund ungdomskule, Stryn ungdomskule, Ørsta ungdomsskule

 

Vi ser gjerne at fleire skular teiknar avtale med oss. Kontakt PPU-praksiskontoret på Høgskulen dersom de er interesserte i ei avtale.

For lærarar på skular uten praksisavtale med HVO

Lærar på skular som ikkje har teikna praksisskuleavtale med HVO, må registrerast i HVO sitt lønssystem.

  • Registrere deg i dette nettskjemaet så snart det er avtalt at du skal vere praksislærar. Dette treng du gjere berre ein gong.
  • Våre lønsmedarbeidarar opprettar deg då som ein brukar i "Betal meg". Oppretting av brukar er ein manuell prosess, vi sender ein epost når din bruker har blitt oppretta,  deretter kan du logge inn. Det kan gå 1-2 veker fra du registerer deg til du får en mail.

Når du har fått brukar i "Betal meg" og praksisperioden er over kan du sende inn lønskrav. Følg fremgangsmåten som er skildra under her.

Framgangsmåte lønsutbetaling for skular utan avtale

Betal meg er ei sikker løysing for å legge inn lønskrav. Innlogging skjer via ID-porten.  

  1. Logg inn i "Betal meg" eller legg inn kravet via DFØ-appen.
  2. Bruk skjema Løn praksislærar PPU til å rekne ut lønsopplysningar. Lagre skjema som PDF.
  3. Inne i "Betal meg" løysinga
    • Velg «Registrer godtgjørelser»
    • Klikk «Lag ny» (nede til venstre)
    • Formål – skriv inn PPU praksis
    • Klikk på «Legg til ny godtgjørelse» for å registrere ny post
    • Fyll inn «beskrivelse» - Navn på skolen
    • Fyll ut lønart 551A
    • Fyll ut sum du finner nederst til høyre i ditt excel-skjema (ingen timer eller timesats skal registrerast)
    • Klikk på «Legg til vedlegg» og last opp følgande to vedlegg (begge som PDF):


For PPU-Yrkesfagstudentar:

For lønskrav etter ti dagar ungdomskulepraksis for PPU-yrkesfagstudentar, treng ein ikkje rekne ut løna, då det her blir gitt eit fast honorar på kr 4000,-.
Legg ved signert "avtale om 10 dagars praksis i ungdomsskule for PPUY" når du leverer lønskravet i "Betal meg". Obs! Merk at ein då skal nytte lønart 5520.

-------------------------------------------------------------------------

Dersom det er feil i eit krav, vert kravet returnert til deg.

Om du treng hjelp til utfylling, kontakt praksisansvarleg Carien Lærum carien.laerum@hivolda.no eller Torstein Drabløs torstein.drablos@hivolda.no

Treng du Brukarrettleiing finn du det her. Ved tekniske spørsmål ta kontakt med DFØ sitt kundesenter.

Kor mykje løn får ein praksislærar?

Praksislærere får timebetalt for veiledning og anna ekstraarbeid (dvs. ikkje for arbeid som vedkommende likevel ville utført som til dømes å vere tilstades i undervisninga). Timelønna er på 270,-kroner med eit tillegg på 50% for lærar i full stilling, det vil si 405 ,- kroner per time. Praksislærar får betalt for 1 time pr. 2 timer praksisopplæring. Det betyr at du får betalt for halvparten av timane studenten din tek over undervisninga. Denne godtgjeringa dekker arbeidet med forberedelse, veiledning, vurdering av studentene, etterarbeid, møter med lærerutdanningsinstitusjonen m.v. Timebetalte øvingslærere i hel lærerstilling gis overtidsgodtgjøring. Deltidstilsatte godtgjeres for merarbeid.

Lønsutrekninga tar utgangspunkt i gjeldande avtaleverk. Klikk HER for full avtaletekst.