Bygga på Høgskuleområdet

Lærarutdanninga starta i Volda med Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt for Skoleholdere i 1861. Med nokre korte opphald undervegs har det i Volda blitt utdanna lærarar i over 150 år. I 1971 vart Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda (MRDH-V) etablert. Distriktshøgskulen i Volda utmerka seg mellom anna med ei nasjonalt leiande medieutdanning. Distriktshøgskulen og Volda Lærarhøgskule vart i 1994 slått saman til Høgskulen i Volda.

Sivert Aarflot-huset

Sivert Aarflot-huset er det nyaste huset på høgskuleområdet. Det vart tatt i bruk som eit topp moderne mediehus til semesterstart hausten 2021. Alle medieutdanningane er samla der, som betyr at Sivert Aarflot-huset huser om lag 500 mediestudentar og 50 tilsette. Det er også eit senter for arbeid med digital kompetanse i læring.

Huset inneheld ei rekke spesialrom knytt til medieutdanningane som radiostudio, fjernsynsstudio, redigeringsrom, redaksjonslokale og framtidslaboratorium. Dei tilsette ved Avdeling for mediefag har sine arbeidsplassar i huset.

Huset har fått sitt namn etter Sivert Aarflot (1759-1817) som var ein pioner for opplysning gjennom medieverksemd. Han var bonden frå Ørsta som vart lærar og deretter lensmann i Volda, og han skipa den første folkeboksamlinga, det første prenteverket og den første avisa på landsbygda i Noreg. 
Trykkeriet skipa Aarflot i 1809 og i 1810 gav han ut den første avisa på landsbygda i Noreg, Norsk Landboeblad. Dette er forgjengaren til dagens lokalavis i Volda, Møre. 
 

Henrik Kaarstad-huset

Henrik Kaarstad-huset er det eldste huset ved Høgskulen i Volda. Det er teikna av arkitekt Øyvin Berg Grimnes og stod ferdig i 1922. Bygget har fått namn etter Henrik Kaarstad, ein av grunnleggjarane av og mangeårig rektor ved Volda lærarskule. Volda Lærarskule var i 1922 den største lærarskulen i Skandinavia. Det monumentale murbygget på 2570 m² var i si tid eit bygningsmessig storprosjekt på landsbygda. Henrik Kaarstad-huset har vorte bygd på i både 1982 og 2001. Hovudhuset vart i 2016 oppgradert innvendig og er i bruk til undervisning.  Framfor det gule bygget ligg ein idyllisk park.

Biblioteket
Berte Kanutte-huset

Då MRDH og Volda Lærarhøgskule vart slått saman i 1994, vart det behov for eit nytt bygg. Berte Kanutte-huset, lokalisert midt mellom dei to gamle institusjonane, vart teke i bruk i 1998 og er med sine 8000 m² det største bygget ved høgskulen. Bygget inneheld mellom anna auditorium, undervisningsrom, grupperom, kantine, bibliotek, kontor og vrimleareal. Her held også administrasjonen med rektor og direktør til. Berte Kanutte-huset er sentralt plassert på campus med Hans Strøm-huset og Ivar Aasen-huset i sør og Henrik Kaarstad-huset og Idrettsbygget i nord. Berte Kanutte Aarflot (1795-1859) er den fremste av dei haugianske forfattarane og ein av dei mest sungne av alle norske salmedikterar på 1800-talet. Voksterbakgrunnen hennar er på den eine sida det litterære miljøet i barndomsheimen på Ekset i Volda, på den andre sida Haugerørsla. Då høgskulestyret skulle bestemme namnet til det nye huset i 1998, vann Berte Kanutte med ni mot to stemmer over faren sin, Sivert Aarflot.

Synnøve Ruste-huset
Synnøve Riste-huset

Synnøve Riste-huset vart opna i 2010. Kontorbygget på tre etasjar samlar store delar av dei tilsette ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Synnøve Riste (1858-1889), oppvaksen i en politisk aktiv familie på Rotset i Volda, var kjend som redaktør, målkvinne og kvinnesaksforkjempar. Ho var ei av dei første kvinnene i norsk presse som skreiv nynorsk.

Ivar Aasen-huset
Hans Strøm-huset

Distriktshøgskulen fekk etter kvart behov for større areal, og løysinga vart Hans Strøm-huset som stod klart i 1984. I tillegg til undervisningsrom, auditorium og kontor, inneheld huset ulike produksjonsrom for mediefaga, som tv- og radio-studio og redigeringsrom. Hans Strøm (1726-1797) var prest i Volda, naturforskar og topograf, med tittelen professor. Han er mest kjend for si topografiske framstilling av Sunnmøre og ei tilsvarande framstilling av Eiker i Buskerud, men han lét etter seg eit omfattande forfattarskap med emne frå svært ulike fagfelt.

Ivar Aasen-huset ved Høgskulen i Volda

Ivar Aasen-huset

I 1971 vart Ivar Aasen-huset ferdigstilt i samband med at Distriktshøgskulen i Volda (DH) vart etablert. Huset, som var eigd av Volda kommune, vart nytta til undervisning med auditorium, undervisningsrom og grupperom og inneheld også kontor og lokale til studentradio. I dei første åra romma det også bibliotek og kantine. Høgskulen i Volda leigde og nytta seg av huset til og med februar 2024.

Språkforskaren og diktaren Ivar Aasen (1813-1896) er mest kjend for å ha skapt landsmålet, opphavet til moderne nynorsk. Han reiste rundt i landet og noterte særtrekk ved dialektene i Noreg, som gav grunnlaget for det nye norske skriftspråket.