Parkering

Høgskulen har merka parkeringsplassar ved dei ulike husa på høgskuleområdet du kan nytte deg av: 

  • Ved Volda Campus Sparebank 1 Arena og Sivert Aarflot-huset med innkøyring i Joplassvegen. Her kan du stå utandørs ved bygga på merka plass eller i parkeringshuset i underetasjen
  • Ved Ivar Aasen-huset og Hans Strøm-huset, med innkøyring frå Sjukehusvegen
  • Ved Henrik Kaarstad-huset, på nedsida mot grusbana og på oppsida med innkøyring frå Kaarstadvegen
  • Mellom Berte Kanutte-huset og Henrik Kaarstad-huset, med innkøyring frå Kaarstadvegen
  • Ved Idrettsbygget, på oppsida av vegen og kortenden av huset, mot Henrik Kaarstad-huset

Det er avgrensa plassar, så nytt deg gjerne av sykkel eller alternativ transport om mogleg. Ver venleg ikkje sett bilen din utanom merka parkeringsplass. I verste fall risikerer du parkeringsbot, og det kan gjere det både vanskeleg og utrygt for små og store mjuke trafikantar rundt oss. 

Merk! Det vart endringar i parkeringa på austsida av høgskule-området grunna bygginga av den nye kommunale symjehallen på nedsida av Volda Campus Sparebank 1 Arena. Sjå oppdatert kart her.