Teater
Som student ved teater i Volda får du ei solid og allsidig drama og teaterutdanning i eit godt og svært aktivt fagleg miljø. Vi tilbyr ein unik kombinasjon av praktisk skodespelartrening, teoretisk/akademisk utdanning og ei fagdidaktisk innføring som vil gje deg eit solid grunnlag for vidare arbeid innan kulturlivet eller skule/kulturskule.
Våre studietilbod:
Hos oss møter du mange ulike fagområde:
- Anvendt og Devised theatre
- Barneteater og Estetiske lærarprosessar
- Dramaturgi og teaterhistorie
- Forteljing og Formidling
- Lydbok, dubbing og radioteater
- Skodespelarteknikk og regi
- Spel for kamera
Ved institutt for teater møter du også eit aktivt studentmiljø der du mellom anna kan vere med i studentrevy, studentteater, audition-gruppe, teatersport-gruppe eller Volda Voksne Amatørteater. Som student ved drama og teater har ein også tilgong til teater- og dramasalen døgnet rundt.
Vi har dyktige fagfolk innan teaterteori, regi, skodespelarteknikk, anvendt teater og dramapedagogikk, og fleire av oss er utøvande i faget.
Vi utdannar også barnehagelærarar og har kurs for grunnskulelærarar, barnevernspedagogar, sosialarbeidarar, m.fl.
Les meir om tilboda til Teater under studietilbod.
Har du spørsmål?
Instituttleiar: Vibeke Preus
Studieprogramleiar: Hege Holmqvist Synnes