Bachelorgrad

Skodespel og scenekunst

Dette studiet vil gje deg erfaring med m.a. teaterproduksjon, skodespelteknikkar, manusutvikling, anvendt teater, forteljarkunst og voice acting. Studentane utdannast til sjølvstendige, skapande scenekunstnarar, som gjennom arbeid i ensembler og åleine, utvikler sine personlege uttrykk og kreativitet.

Teater og drama
Start:
Haust
Omfang:
Heiltid
Studiepoeng:
180,0
Varigheit:
6 semester (3 år)
Studietype:
Bachelorgrad
Søk frå:
06.02.2025 - 15.04.2025

Er du kreativ og trivst med praktisk arbeid saman med andre? Har du ein draum om å uttrykke deg som scenekunstar? Då kan reisa di starte hos oss.

Bachelor i skodespel og scenekunst er ei breiddeutdanning med seks emne i teaterproduksjon med ulike fokus. Vidare har studiet undervisning i teaterkunnskap, spel for kamera og voice acting. Siste semesteret vel du eit fagområde du vil fordjupe deg i gjennom kunstbasert forsking, og skapar di eige framsyning.

Alle studentar tek del i ei rekkje bransjedagar, felles grunnlagstrening, arbeidslivsrelevante prosjekt samt ”Husteater”. Prosjekta testar og utviklar studentane sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevne. Høgskulen har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, eige lydstudio og verkstad. 

Lærarane ved studiet har alle eit bein i praksisfeltet, som utøvande skodespelarar, forteljarar, dramatikarar og scenografar/lysdesignarar, noko som gir deg som student mange moglegheiter til å finpusse ferdigheitene dine. Vi har som mål å gje deg ei arbeidslivsrelevant utdanning og har difor etablert samarbeid med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar. Vi reiser og på fleire studieturar og opplev teater saman.

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram eller TikTok!

Innblikk i studiekvardagen

Foto: Hanna Sofie Jørgensen
HVO-lektor Borghild Otelie Aasebøstøl er mellom fleire som kombinerer undervisning ved høgskulen med å vere aktiv scenekunstnar. Den karismatiske nordlendingen reiser landet rundt som forteljar i eit populært Rorbua-show, der både Erna Solberg og Else Kåss Furuseth har vore med.
Vis mer
Teater og drama-studenter ved Høgskulen i Volda under fortellerteater
Teater og drama-studentene ved Høgskulen i Volda mener utdanninga gir dem en helt unik mulighet til å nå målet om å jobbe på eller rundt en scene når de skal ut i arbeidslivet.
Vis mer
Lurer du på korleis det er å studere Teater og drama i Volda? Kevin fortel deg om sin kvardag som Teater og drama-student og om studentlivet i Volda.
Vis mer

Lurer du på korleis det er å studere Teater og drama i Volda? Kevin fortel deg om sin kvardag som Teater og drama-student og om studentlivet i Volda.

Kevin Berntsen har ikkje angra eitt sekund på at han flytta frå Oslo til Volda for å studere. Det er på scenen den humørfylte teaterspiren liker seg alle best – og i Volda er han glad for å få prøve seg på det meste innan fagfeltet.

Han har vore innom alt ifrå dubbing, til å vere manusforfattar og skodespelar. 

– Dette gjer at det er rom til å utfordre seg på mykje forskjellig og bruke studietida på å finne ut av kva ein har lyst å jobbe med når studietida er over, seier Kevin. 


Studiekvardag og praktisk undervisning

For han startar ein vanleg studiedag som regel med ein kopp kaffi før han tek ein tur på skulen. I Undervisinga er som regel ein kombinasjon av teoretiske førelesingar og praktisk undervising. 

– Vi får lære alt i frå korleis ein er skodespelar framfor kamera, korleis ein speler inn lydbok til korleis ein skriv manus. Ein dag er aldri lik, seier han med eit smil om munnen.

I den praktiske undervisinga har studentane gjerne ei felles oppvarming før dei får oppgåver som er knytt til eit spesielt tema. 

– Dette kan vere alt ifrå improvisasjon til arbeid med tekst som vi arbeider med i grupper, fortel Kevin. 

Teater og drama-studentane i Volda har tilgang på to store teatersalar med gode lysriggar, eige kostymelager og rekvisittrom som dei kan bruke når dei vil. 


Studieturar 

I løpet av utdanninga i Volda har vi tre studieturar, fortel Kevin. 
•    Første året reiser dei til Ålesund på teaterfestivalen:  «Høstscena» og ser på teateroppsettingar. 
•    Andre året reiser dei til Oslo og har eit samarbeid med ulike bedrifter. Til dømes Lydbokforlaget der vi får prøve seg på lydbokarbeid, NRK der dei får prøve seg på radioteater og Nordubb der dei får prøve seg på å dubbe animasjonsfilmar og dokumentarar. 
•    Tredje året av utdanninga reiser dei til Stockholm for å sjå på barneteater, og lære seg korleis ein jobbar med teater for barn. 

 

Supersosialt og aktiv fritid

Kevin fann seg fort til rette i Volda og har fått seg eit hav av nye venner. Noko av æra for det vil han gi Studenthuset Rokken, der han arbeider som bartender.

– Eg er også aktiv i Student-TV der eg er med som reporter i artistintervju. I tillegg til dette har eg ein eigen podcast hos Volda studentradio, så det er sjeldan kjedeleg her. Volda som studiebygd er ganske lite og intimt på ein koseleg måte. Her er det det lett å bli kjent med folk, både på skulen og på fritida. 

 

Kva ønskjer du å gjere når du er ferdig som student i Volda?

– Når eg er ferdig i Volda har eg lyst til å ta ein master i skodespel i utlandet. I tillegg til dette ønskjer eg å ta ei praktisk pedagogisk-utdanning, slik eg kan jobbe som teaterpedagog i skulen.
 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og motivasjonsbrev. Frå og med 6. februar finn du skjema for motivasjonsbrev her. 

Praksis og utveksling i utlandet

Det vert lagt til rette for utanlandsopphald på eit semester ved institusjonar i Norden, Europa, Amerika, Asia, Afrika eller Australia.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, med m.a. seminar, workshops, prosjektarbeid, framføringar, teaterproduksjonar, sjølvsstudium, gruppearbeid og rettleiing. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid som:

  • Scenekunstnar i det frie kulturlivet
  • Teaterpedagog/Kulturskulelærar
  • Forteljar
  • Museumsformidlar
  • Manusforfattar
  • Stemmeskodespelar
  • Filmskodespelar

MERK! Regjeringa går inn for å forlenge unntaket frå krav om mastergrad for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), for søkarar med bachelor i praktiske og estetiske fag, fram til 2030. Du kan då bygge på bachelorgraden med PPU om du ønskjer undervisningskompetanse i skulen.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestart for alle nye studentar er tysdag 19. august 2025.

Studieplan

Skodespel og scenekunst - bachelor

Studieprogram: 
Skodespel og scenekunst - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse og motivasjonsbrev

Om studiet

Ønskjer du å sjå, spele, skape og nytte teater i ulike samanhenger, og med ulike målgrupper? Da kan reisa di starte hos oss. Bachelor i skodespel og scenekunst vil gje deg erfaring med m.a. teaterproduksjon, skodespelteknikkar, manusutvikling, anvendt teater, forteljarkunst og voice acting. Studentane utdannast til sjølvstendige, skapande scenekunstnarar, som gjennom arbeid i ensembler og åleine, utvikler sine personlege uttrykk og kreativitet.

Bachelorstudiet gir grunnlag for arbeid som:

  • Scenekunstnar i det frie kulturlivet
  • Teaterpedagog/Kulturskulelærar
  • Forteljar
  • Manusforfattar
  • Stemmeskodespelar
  • Filmskodespelar

Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i drama og teater.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
  • har kunnskap om utvalde teaterfaglege retningar og teaterfornyarar
  • har kunnskap om sentrale teaterfaglege teoriar og problemstillingar på ulike arenaer
  • har kunnskap om utvalde retningar innan manusutvikling, stemme- og filmskodespel
  • har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media
  • kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Ferdigheiter

Studenten

  • har ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar i ulike media og uttryktformer.
  • kan nytte teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk
  • kan nytte teaterkunnskapar og metodar på faglege og samfunnsmessige arenaer, og grunngje vala sine
  • kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg åleine og saman med andre
  • kan nytte teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer til kunstnarleg formidling for ulike målgrupper
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre teaterfaglege uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
  • kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretisk og praktiske oppgåver
Organisering og arbeidsmåtar

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og workshops 
  • praktisk undervisning og øvingar
  • digitale leksjoner
  • framsyningar
  • regiarbeid
  • studioarbeid
  • innspelingar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • førelesingar
  • masterclasses

Det er lagt inn studiereise(r) i løpet av studiet, til eigen kostnad. Alternativt opplegg etter søknad. 

b) Progresjon

For å oppnå bachelorgrad må studenten ha til saman 180 studiepoeng. Bachelorstudiet har 120 obligatoriske studiepoeng. Resterande 60 studiepoeng er valbare.
4.semester er mogleg utreisesemester for studentane i bachelorløpet. 
Studentar som har teke teater og drama frå andre høgskular/universitet kan få dette godskrive som del av graden etter søknad. 

Emna i første studieår tilsvarar Årsstudium i skodespel og scenekunst. Studentar som har fullført årsstudiet kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår. 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, og krev aktiv deltaking. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:

  • Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
  • Teaterproduksjonar
  • Forteljar framsyning
  • Manusarbeid
  • Analysar
  • Munnlege samtalar
  • Lydfiler og filmer
  • Føredrag
  • Seminar/workshops
  • Bachelorprosjekt med kunstnarleg utviklingsarbeid

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.

Krav til utstyr eller ferdigheiter

a) Utstyr

Studentane må

  • ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko
  • ha eigen bærbar PC/MAC eller nettbrett. 

b) Ferdigheiter

Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev aktiv deltaking, medansvar og evne til samarbeid.
Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.

Praksis

Ulike arbeidskrav kan innehalde opphald i ulike praksisfelt som td. teatre, skule, aldersheim eller anna. Omfanget vil variere. 

Internasjonalisering

Studiet legg opp til utlandsopphald i 4. semester ved eit av våre partnaruniversitet. 

Utlandsopphaldet kan evt. erstattast av 2 valfrie emner i teater og drama, eller støttefag.

Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert, i form av tekst, bilde, lydfiler eller film, i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studie, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Ansvarleg
Hege Holmqvist Synnes