Fagfellevurdering av nye studieprogram og emneplanar

Fagkollegavurdering av nye studie- og emneomtalar er innført for å sikre ei ekstern vurdering av nye studietilbod. Alle nye studie- og emneplanar på 15 studiepoeng eller meir, skal vurderast av to eksterne fagkollegaer frå to ulike institusjonar i forkant av godkjenninga av studiet/emnet. Avdelinga som utviklar nye studieprogram- og emneplanar finn fagfeller og sender naudsynt informasjon til fagfellene. Utdanningsutvalet har ansvar for kostnadene.

Utkast til standard informasjonsbrev finn du her: 
Standardbrev for fagfellevurdering - norsk (word-fil) 
Standardbrev for fagfellevurdering - engelsk (word-fil)

Studie- og emneplanar skal vere utarbeidde på grunnlag av gjeldande retningsliner for studieprogram og emnestruktur.

Alle planar skal vere skrive i tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket (NKR). Informasjon om NKR og gjeldande malar for studieprogram- og emneplanar ligg her.

INNHALD OG OMFANG PÅ FAGFELLERAPPORTAR

Fagfellevurderingar av nye studieprogram- og emneplanar er normalt på 2-5 sider, alt etter størrelsen på studieprogrammet-/emneomtalane.

Fagfellevurdering av studieplan for studieprogram skal innhalde ei vurdering av

  • Studienivå (grunnstudium, fordjupingsstudium, mastergradsstudium)
  • Opptakskrav
  • Innhald: relevans og kompetanse (kva studiet kvalifiserer for av arbeid eller vidare studium).
  • Læringsutbyttet
  • Fagleg oppbygging av studiet 

Fagfellevurdering av emneplan skal innhalde ei vurdering av

  • Krav til forkunnskap (dersom det er utover det formelle opptakskravet til studieprogrammet)
  • Studienivå (grunnemne, fordjupingsemne, mastergradsemne)
  • Innhald og samanheng mellom emne og studieprogram, som emnet er ein del av.
  • Læringsutbyttet
  • Organisering og arbeidsmåtar
  • Arbeidskrav og vurderings/-eksamensordning
  • Pensum

I tillegg til vurdering av sjølve planen(-ane) ber vi også om ein uttale om  fagmiljøet som er ansvarleg for studiet/emnet, i samsvar med kapittel 2, § 2-3 Forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning (Studietilsynsforskriften) frå Kunnskapsdepartementet.

 

INNSENDING AV FAGFELLERAPPORT OG LØNSOPPGJER

Uttalen skal sendast tilbake til den fagansvarlege som har avtala oppdraget, så snart som mogleg og normalt innan fire veker.

Godtgjersle for arbeidet er normalt medgått tid i fagfellen sitt lønstrinn. Her finn de kontrakt om fagfellevurdering. Elles finn de ulike kontrakter og skjema som skal nyttast ved avtale om oppdrag eller arbeid for Høgskulen i Volda her.