Kvalifikasjonsrammeverk og arbeid med studie- og emneplanar
Alle studie- og emneplanar skal utarbeidast i tråd med nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for høgare utdanning (KRV). Arbeid med å vurdere innhald, læringsutbyttebeskrivelsar, undervisningsformer og vurderingsordningar i studia våre, er ein kontinuerleg prosess og skal vere tett kobla til kvalitetssystemet.
ARBEID MED STUDIE- OG EMNEPLANAR
- Planar om nye studietilbod skal leggjast fram for Utdanningsutvalet for strategisk vurdering før arbeidet med detaljplanlegging startar, og nemnda skal m.a. vurdere heilskap og moglege effektar av samarbeid på tvers av avdelingane.
- Høgskuleleiinga har delegert mynde til å godjenne nye emne/studieprogram til og med 60 studiepoeng, og til å godkjenne planar for studium som er vedtatt etablert. Nye studie- og emneplanar skal godkjennast etter tilråding frå dekanen ved avdelinga som har hovudansvaret for studieprogrammet.
- Årleg revisjon av eksisterande studie- og emneplanar skal godkjennast av dekanen ved avdelinga som har hovudansvaret for studieprogrammet.
RETNINGSLINJER OG MALAR
Ansvars- og rolleavklaring EmWeb
Mal for pensumliste: norsk | engelsk (wordfil)
Vurderingsordningar - Brukte omgrep (PDF)
Retningslinjer for pensumlister og digitale kompendium (PDF)
Retningslinjer for studieprogram og emnestruktur