Periodisk studieprogramevaluering ved Høgskulen i Volda
Bakgrunn
Periodisk studieprogramevaluering er pålagt HVO i Forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning §2-1 punkt 2, og seier følgjande:
Institusjonene skal gjennomføre periodiske evalueringer av studietilbudene sine. Representanter fra arbeids- eller samfunnsliv, studenter og eksterne sakkyndige, som er relevante for studietilbudet, skal bidra i evalueringene. Evalueringsresultatene skal være offentlige.
Vidare seier Studietilsynsforskrifta §4-1 punkt 3 at:
Institusjonen skal ha ordninger for systematisk å kontrollere at alle studietilbud tilfredsstiller kravene i forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning § 3-1 til § 3-4 og kapittel 2 i denne forskrift.
Ved Høgskulen i Volda har periodisk studieprogramevaluering som mål å vidareutvikle og stadig betre utdanningane våre. Med utgangspunkt i dette og dei aktuelle forskriftene, har Utdanningsutvalet vedtatt ei ordning for periodisk evaluering av studietilboda ved HVO. Dette er å rekne som ei intern re-akkreditering.
Periodisk studieprogramevaluering ved Høgskulen i Volda
- Alle studieprogram skal gjennom ei periodisk studieprogramevaluering i løpet av ein seksårsperiode. Utdanningsutvalet set kvart år i gong dei studieprogramma som skal ha periodisk studieprogramevaluering, på bakgrunn av ein seksårig rulleringsplan.
- Tidsplan:
- Juni: Fagmiljøa som er ansvarlege for dei utpeika studieprogramma vert kalla inn til eit møte med studieadministrasjonen og representantar for Utdanningsutvalet der ein tek føre seg moment i evalueringa og datagrunnlaget som trengst.
- Oktober/november: Nytt fellesmøte for å klargjere status.
- Mars: Oppsummeringsseminar med drøfting av resultata med fagmiljø og studentgrupper (eventuelt fagfellar)
- Mars/april: Handsaming av evalueringsrapport i avdelingsrådet.
- 30. april: Frist for levering av rapport til Utdanningsutvalet.
- Moglege utfall av den periodiske studieprogramevalueringa. Vedtak vert gjort i Utdanningsutvalet:
- Grønt lys: Studieprogrammet vert godkjent, eventuelt med mindre endringar.
- Oransje lys: Studieprogrammet må gjennom forbetringar og får ein frist for å gjennomføre desse.
- Raudt lys: Studieprogrammet møter ikkje krava i gjeldande forskrifter og vert lagt ned.
- Rapporten er offentleg etter at den er handsama i Utdanningsutvalet.
Roller og ansvar (ikkje utfyllande liste):
- Dekan har ansvar for:
- det overordna ansvaret for gjennomføring av periodisk studieprogramevaluering på si avdeling
- syte for handsaming av evalueringsrapport i avdelingsrådet
- sende rapport med sine vurderinger til Utdanningsutvalet
- rapportere på tiltaka i avdelinga sin studiekvalitetsrapport
- Programansvarleg/studieleiar har ansvar for:
- at alle delane i evalueringa vert gjennomført
- å samanfatte ein rapport
- å arrangere oppsummeringsseminar
- Avdelingsråd har ansvar for:
- Å handsame rapporten før han går til Utdanningsutvalet
- Utdanningsutvalet:
- Det praktiske rundt kandidatundersøkinga
- Støtte opp under evalueringa
- Behandle rapporten og ta avgjerd