Omtale av sentrale evalueringstiltak

For tilsette

Avdelingane sin kvalitetsrapport

Studiekvalitetsrapporten skal verte handsama i avdelingsrådet. Avdelingsrådet skal vere sett saman av representantar frå studentar, fagmiljø og administrasjon i avdelinga. Rådet drøftar og følgjer opp resultata på tvers i avdelinga.

Sjå retningsliner og mal for avdelingsrapport her.

Evaluering av emne

Emneevalueringa skal gi studentar og emneansvarlege høve til å gi tilbakemelding om opplegget for, og gjennomføringa av, kvart emne.

Den emneansvarlege oppsummerer tilbakemeldingane og drøftar resultata med studentane og i fagmiljøet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, vert formulert i ein kort rapport som går til den programansvarlege (sjå ovanfor).

Sjå eksempel på mal for emneevaluering her.

Forslag til mal 2020.

Evaluering av studieprogram (programrapport)

Studieprogramevalueringa skal gi studentar og programansvarlege/studieleiarar høve til å gi tilbakemelding om opplegget for, og gjennomføringa av, kvart studieprogram. Denne evalueringa gjeld berre studieprogram på 60 studiepoeng eller meir.

Utdanningsutvalet peikar ut dei studieprogramma som skal ha periodisk studieprogramevaluering. Når eit studieprogram ikkje er valt ut for periodisk studieprogramevaluering, skal det gjennomførast ei enklare form for internevaluering. Denne byggjer på emneevalueringane som inngår i programmet, kvalitetsutvalsreferata, sensorrapportane og eventuelt supplerande evalueringselement som fagmiljøet initierer. All evaluering skal danne grunnlag for systematisk analyse, faglege drøftingar og eventuelle forbetringar av studiekvaliteten.

Programansvarleg/studieleiar oppsummerer alle tilbakemeldingane og drøftar resultata saman med dei emneansvarlege innanfor programmet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, dannar grunnlaget for ein skriftleg rapport. Rapporten bør også innehalde kommentarar til emneevalueringane for dei emna som inngår i studieprogrammet (sjå nedanfor).

Dekanen analyserer alle studieprogramrapportane og utarbeider ein studiekvalitetsrapport for heile avdelinga. Denne vert lagt fram for avdelingsrådet og blir sakshandsama der. Deretter går rapporten vidare som del av årsrapport for studiekvalitet til strategisk studienemnd og høgskulestyret. Rapporteringa følgjer studieåret. 

Resultatet av evalueringane skal gjerast kjent for studentane.

Sjå mal for evaluering av program (for studentane) her.

Sjå mal og retningsliner for programrapport her.

Sjå informasjon om periodisk studieprogramevaluering her

Kvalitetsutval for studieprogram

Kvalitetsutvala skal vere bindeleddet mellom studentane og fagansvarlege på studieprogram. Kvalitetsutvala skal gi høve til å diskutere emne- og studieplanar, gjennomføringa av studiet, og å kome med tilbakemeldingar på studieopplegget.

Arbeidet med kvalitetsutval går fram av retningslinene for kvalitetsutval. Alle fleirårige studieprogram skal ha eit kvalitetsutval, og utover dette vel avdelinga sjølv struktur for kvalitetsutvalsarbeidet og om ein vil ha andre/fleire kvalitetsutval i avdelinga. Kvalitetsutvala skal vere sett saman av både studentar og fagtilsette, og det skal vere minst eitt møte per semester.

Godkjende referat frå møter i fagutvalet skal sendast til dekan for fortløpande vurdering og eventuell vidare oppfølging.

Sjå retningsliner for kvalitetsutval her.

Sjå mal for referat frå kvalitetsutvalsmøte her.

Felles ph.d-grad med Høgskolen i Molde

Programansvarleg har ansvar for å utarbeide ein kvalitetsrapport på bakgrunn av emnerapportar, referat frå fagutval og studieprogramevaluering. Kvalitetsrapporten vert lagt fram for doktorgradsutvalet for godkjenning.

Intern evaluering av studiestart

HVO har utarbeidd ein overordna plan for studiestart og studentmottak. Utdanningsutvalet evaluerer studiestarten kvar haust.

Kvalitetssikring av nye studieprogram og emne

Fagfellevurdering

Fagfellevurdering av nye studie- og emneomtalar skal sikre ei ekstern vurdering av nye studietilbod. Alle nye studie- og emneomtalar på 15 studiepoeng eller meir skal vurderast av to eksterne fagkollegaer frå to ulike institusjonar i forkant av godkjenning av studiet/emnet. Fagfellevurderingane skal leggast ved avdelinga sin søknad og saksutgreiing om endeleg godkjenning av nye emne- og studieplanar.

Prosedyre for utarbeiding, utforming og godkjenning av studie- og emneplanar går fram av retningslinjer for emne- og studieplanarbeid.

Sjå retningsliner for fagfellevurdering av nye studieprogram og emne her.

Ekstern vurdering

Alle nye emne skal i tillegg til dei vanlege evalueringstiltaka ha minst ein ekstern sensor ved første eksamensavvikling.

Meldingsteneste for studentar

På heimesida for studentar er det ei meldingsteneste – Sei ifrå – der studentar kan gi tilbakemeldingar om uheldige hendingar til HVO. Studiedirektøren, studentrådgivar og driftsleiar er ansvarleg for å følgje opp innspel og saker som blir meldt inn.

Meritteringssystem

Informasjon om meritteringssystem er under utarbeiding, og vil verte publisert i løpet av våren 2020.

Sensorrettleiing

HVO skal ha sensorrettleiing for kvar eksamen. Sensorrettleiinga vil bidra til betre kvalitetssikring av det fastsette læringsutbytte og til å redusere ulikskap i sensur mellom sensorane.

Studiebarometeret

Resultata frå studiebarometeret skal diskuterast med studentane og i fagmiljøa. Resultata skal også omtalast i programrapporten og i avdelingane sine kvalitetsrapportar.

Spørjeundersøking om studiestart

HVO ønskjer å få tilbakemeldingar om kor godt ein lukkast med å nå fram med god og relevant studieinformasjon, og kvaliteten på mottakinga studentane får ved semesterstart. Fellesadministrasjonen gjennomfører spørjeundersøkinga om semesterstart.

Strategisk vurdering av studieprogramporteføljen

HVO nyttar SEFØ-modellen:

  • Strategisk vurdering
  • Etterspørsel
  • Fagleg berekraft
  • Økonomisk berekraft

Utdanningssamtalar/utdanningsplanar

Utdanningsplanen skal leggje til rette for at studentane kjem gjennom studiet på normert tid, og skal omhandle rettleiing, informasjon og studieplanlegging. Utdanningsplanane skal sikre eit tettare og meir forpliktande forhold mellom den einskilde studenten og institusjonen. Utdanningsplanen skal vere eit verkty for begge partar i planlegginga og gjennomføringa av eit studieprogram.

Studentar ved studium på 60 studiepoeng eller meir får ved studiestart oppnemnt ein utdanningsrettleiar. Tidleg i første semesteret skal utdanningsrettleiaren gi tilbod om ei utdanningssamtale, individuelt eller gruppevis. Seinare i studieløpet bør partane gjennomføre ei rettleiingssamtale kvart semester, individuelt eller i gruppe.

Gjennomføring av utdanningssamtalar går fram av retningslinene for utdanningsplanar. Tidspunkt følgjer oppsett i kalender for studieåret for studentar.

Sjå mal for utdanningssamtalar her.