Styring, ansvar og roller
For tilsette
Overordna ansvar
Det er Høgskulestyret som har det overordna ansvaret for kvalitetssystemet ved HVO og som handsamar årsrapporten om studiekvalitet.
Tilsette: ansvar og roller
Rektor og prorektor
Rektor er ansvarleg for kvaliteten i høgskulen sine studietilbod. Rektoratet har ansvar for den daglege oppfølginga av kvalitetssystemet, og for at det blir oppretta og gjennomført kompetansehevingstiltak for fagleg tilsette.
Høgskuledirektøren
Direktøren har ansvar for drift og vedlikehald av kvalitetssystemet. Direktøren har òg ansvaret for kvaliteten i dei administrative tenestene knytt til studiekvalitet.
Studiedirektøren
Studiedirektøren har det samla ansvaret for kvalitetsarbeidet knytt til dei studieadministrative støttetenestene ved HVO. Studiedirektøren skal i samarbeid med avdelingane ta initiativ til intern evaluering av studietilbod ved høgskulen for å sikre studiekvaliteten. Studiedirektøren skal utarbeide statistikkar og analysegrunnlag som avdelingane kan bruke i sitt kvalitetsarbeid.
Personaldirektøren
Personaldirektøren har det samla ansvaret for at tilsettingar skjer i samsvar med kvalitetssystemet og gjeldande regelverk.
Dekan
Dekanen har det overordna ansvaret for kvalitetsarbeidet og for å fremje kvalitetskultur i avdelinga, m.a.:
- å organisere avdelinga sitt kvalitetsarbeid, og for å skriftleggjere og publisere dei valde ordningane for tilsette og studentar
- sjå til at evalueringane vert gjennomført, og for at resultata vert fulgt opp i relevante fora og avdelingsrådet
Programansvarleg/studieleiar
Hovudoppgåva for programansvarlege er å samordne planlegging, oppfølging og vurdering av programmet.
Meir konkret inneber det at vedkomande har ansvar for:
- At det vert laga ein samla plan for programmet og at denne vert tilstrekkeleg kunngjort
- at det i samråd med emneansvarleg(e), instituttleiar og avdelingsleiing vert gjennomført ei tenleg marknadsføring av programmet
- at det i samråd med studiekoordinator, emneansvarleg(e) og instituttleiar vert engasjert og gjort avtalar med undervisarar (førelesarar, rettleiarar o.l.) og sensorar i emna
- å planleggje innanfor gjevne ressursrammer og ved behov gje innspel til instituttleiar om ressursbehov for å gjennomføre emnet
- Samordning av samarbeidet mellom emneansvarleg(e) om gjennomføring av programmet
- å følgje opp faglege mål og oppfylling av måltal for programmet
- å vere med og utvikle faglege nettverk rundt programmet
- å følgje opp studentar i saker som er relevante for programmet
- Systematisk vurdering av programmet
- å vere med og følgje opp saker som vert tekne opp i kvalitetsutval i dei ulike emna innanfor programmet
- at programrapport som følgjer studieåret vert skrive og sendt til instituttleiar
- i samarbeid med emneansvarleg(e) samordne arbeidet med årleg revidering av programmet, inkludert registrering i EmWeb
- i samråd med emneansvarleg(e) og instituttleiar vurdere behovet for meir omfattande revisjon av emnet
Emneansvarleg
Hovudoppgåva for emneansvarlege er å samordne planlegging, gjennomføring og vurdering av emnet.
Meir konkret inneber det at vedkomande har ansvar for:
- At det vert laga ein samla plan for emnet (emneplan og gjennomføringsplan) og at denne vert tilstrekkeleg kunngjort
- at det i samråd med den programansvarlege, studiekoordinator, instituttleiar og avdelingsleiing vert gjennomført ei tenleg marknadsføring av emnet
- at det i samråd med den programansvarlege, instituttleiar og studiekoordinator vert engasjert og gjort avtalar med undervisarar (førelesarar, rettleiarar o.l.) og sensorar i emnet
- at aktuell ny litteratur på fagfeltet vert vurdert og at naudsynte revisjonar av pensum vert gjennomført
- at det vert laga arbeidskrav og eksamensoppgåver for emnet, og at det vert skrive sensorrettleiing for desse oppgåvene
- å planleggje innanfor gjevne ressursrammer og ved behov gje innspel til programansvarlege og instituttleiar om ressursbehov for å gjennomføre emnet
- Den daglege oppfølginga og drifta av emnet
- at studentane og tilsette vert informerte om organisering og planlagd gjennomføring av emnet gjennom semesteret
- å følgje opp studentar i saker som er relevante for emnet
- å følgje opp dei som har undervisingsoppgåver (undervising i grupper, på nett, rettleiing m.m.)
- Systematisk vurdering av emnet
- at møte med kvalitetsutvalet for emnet, i dei tilfelle at emnet har eige kvalitetsutval, vert gjennomført i samsvar med intensjonen
- at emnerapport som følgjer studieåret vert skrive og sendt til den programansvarlege
- i samarbeid med den programansvarlege og studiekoordinator bidra i arbeidet med årleg revidering av emnet, inkludert registrering i EmWeb
- i samråd med programansvarlege og instituttleiar vurdere behovet for meir omfattande revisjon av emnet
Faglærar
Faglærar har ansvar for å gi forskingsbasert undervisning, rettleiing og oppfølging, og for å bidra til evaluering av studieprogram og emne.