Bachelor i Medieproduksjon

Er innhaldsproduksjon og ein kreativ arbeidskvardag noko for deg? Då er ein Bachelor i medieproduksjon ved Høgskulen i Volda ein god start på vegen.

Gjennom eit praktisk-teoretisk studieprogram lærer du deg  å produsere innhald til ulike plattformer. På timeplanen står idé- og konseptutvikling, dramaturgi, visuell historieforteljing og medievitskap, og du får ein studiekvardag med både store og små prosjekt.

I løpet av studiet har du produksjonspraksis, interne og eksterne prosjektarbeid, og du lærer å samarbeide med andre på tvers av ulike roller gjennom lagarbeid.

Vi held til i eit nytt og moderne mediehus, godt tilrettelagt for læring. I huset finn du mellom anna moderne fleirbruksstudio, fotostudio og redigeringssuiter.

Sjå studiekatalog

Kontaktpersonar:

Studieprogramansvarleg: Irene Hillestad

Studieadministrativ kontaktperson: Roe Myklebust Hjelmeset

Liste over tilsette knytt til programmet