For praksisrettleiarar

Her finn du nyttig informasjon for deg som er praksisrettleiar for studentar på barnevernspedagog og sosionomutdanninga, bachelor i sosialt arbeid.

Kvar praksisperiode har ein fagleg og administativ ansvarleg for praksisen. Kvar student får ein kontaktlærar frå høgskulen som er bindeledd med praksisfeltet og praksisrettleiar.


Vidareutdanning

Ønskjer du fagleg påfyll før du tek fatt på oppgåva som praksisrettleiar? Alle praksisrettleiarar kan søke på vidareutdanninga: Praksisrettleiing i sosialt arbeid. Dette går kvar haust, samtidig med at du har praksisstudent. Vidareutdanninga er samlingsbasert.

Praksisseminar

Kvar haust tilbyr vi rettleiarseminar for alle som tek på seg rettleiaransvar. Dette er eit seminar over to dager der reise og opphald er dekt fra høgskulen i Volda. Når det tek imot praksisstudent vil det få meir informasjon om dette samt påmeldingslenke.

 

Kort om krav til prakisrettleiar

Første praksis, andre semester - 4 veker:
Her er det ikkje krav om rettleia praksis. Studentane treng ein kontaktperson som legg til rette for at dei får vere med på ulike oppgåver på praksisplassen. Studenten vil også ha ein kontaktlærar ved høgskulen som møter studenten digitalt midtvegs i praksisen.
Det er ønskjeleg at studentane har ein kontaktperson med sosialfagleg bakgrunn, men det er ikkje eit krav. Personar med annan profesjon på relevante praksisplasser vil bli godkjent.


Andre praksis, femte semester - 16 veker:
I denne praksisenperioden er det krav om rettleiing, minimum ein time planlagt rettleiing i veka. I tillegg skal praksisrettleiar delta i utforminga av praksisavtale med læringsmål for studenten. Det skal gjennomførast ei midtveisevaluering og skrivast ei sluttevaluering. Alt skal skje i samarbeid med studenten. Studentane har ein kontaktlærar som fyl dei gjennom praksisen og kjem på praksisbesøk midtvegs i praksisperioden. Det er ønskjeleg at studentane har ein rettleiar med sosialfagleg bakgrunn, men det er ikkje eit krav. Personar med annan profesjon som utfører same yrkesfunksjonar kan bli godkjent.