Praksis i sosialt arbeid
Skal du ut i praksis eller ta imot praksisstudent? Her er informasjon både til deg som studerer Bachelor i sosialt arbeid, og til deg som skal ta imot ein student.
Gjer dykk kjent med studie-, emneplan og praksisinformasjon knytt til dei aktuelle praksisemna.
Dette må alle kjenne til i samband med praksis:
Retningslinjer for praksis
Politiattest og teieplikt
Teieplikt
Studentane er pålagde generell teieplikt om forhold dei får kjennskap til i studiesamanheng, Jf. Lov om universiteter og høgskoler, 1. april 2005 (Lenker til en ekstern side.). Studenten er vidare underlagt dei teiepliktsreglane som gjeld på praksisplassen, på same måte som dei tilsette. Praksisplassen har ansvar for å gjere studenten kjend med teiepliktreglane som gjeld der, og syte for at studenten underteiknar dei erklæringane det evt. er krav om.
Politiattest
Ved oppstart i sosialarbeidarstudia må studenten legge fram gyldig politiattest. Studentane må sjølve sjå til at dei til ei kvar tid har gyldig attest ved høgskulen, gyldig attest er ein føresetnad for praksisperiodene. Dersom praksisplassen krev ekstra politiattest i tillegg til dette, må praksisplassen sjølve informere studenten om dette.
Skikkaheit
Forskrift om skikkavurdering
Praksisstudia er ledd i skikkavurdering av studentar, og skal inngå i ein heilskapsvurdering av studentens faglige og personlige føresetnader for å kunne fungere som sosialpersonell. Du finn forskrifta og rutiner ved HVO her.
Skade under praksis
Dersom skade skjer under praksis, er det praksisplassen som har arbeidsgiveransvar for studentane og studentane har dei same rettigheitene som andre tilsettte på praksisplassen. Praksisstaden følg opp studenten etter eigne retningslinjer for handtering av slike saker.
Praksisstadens skademeldingsskjema må fylles ut snarest der eventuelle vitner, skildring av hending og kva skade som har oppstått mm skal med. Skademeldingsskjemaet leveres til leiinga på praksisstaden. Praksisstaden informerar høgskulen om hendinga og korleis det er blitt fulgt opp.
Ved skade på studentar i praksisstudium kjem studentane inn under Folketrygdens bestemmelser om ytelser ved yrkesskader. Arbeidsgiver, institusjonen eller den skadelidte sjølv har plikt etter folketrygdlova kap.13 snarast å sende skademelding til NAV når ein student blir påført legemsskade eller sjukdom som kan gi rett til yrkesskadedekning (bruk skjemaet NAV 13-07.05).
Bu- og reiseutgifter
RETNINGSLINJER FOR REFUSJON AV UTGIFTER
OBLIGATORISK PRAKSISSTUDIUM (SASOS/SABVP 159/158)
Studentar kan få refundert utgifter knytt til obligatoriske praksisstudium. Dette gjeld:
1. Reise til og frå praksistaden ved praksisstart/-slutt.
2. Refusjon til meirutgifter til bustad
3. Refusjon for arbeidsreise i staden for meirutgifter til bustad.
For pkt 2 og 3 gjeld muligheitene for refusjon kun der buutgiftene ved studiestaden er oppretthaldne
på same nivå som tidligare
Det er utarbeidd eigne skjema som skal nyttast til å søke om refusjon, dette finner du i canvas.
1. REISEUTGIFTER TIL OG FRÅ PRAKSISTADEN
Studiestad - praksisplass
Det vert gitt refusjon for ei reise tur/retur frå Volda til praksisstaden i Norge etter rimelegaste
reisemåte og med studentrabatt. Det vert ikkje gitt kostgodtgjersle i samband med praksisreisa.
Refusjonen vert gitt med grunnlag i dokumenterte opplysingar om utgifter (kvitteringar/bill.). I tillegg
skal det liggje ved dokumentasjon for rimelegaste reisemåte.
Ved praksis i utlandet
Det vert gitt refusjon for utgifter til reise frå Volda til næraste utreisestaden frå Norge tur/retur etter same
reglar som ovanfor. I særlege høve kan ein etter avtale med praksisansvarleg/instituttet få dekt deler av
reisekostnadane fram til praksisplassen i det landet praksisstudiet er.
2. BU-UTGIFTER - MEIRKOSTNAD
Du får refundert husleiga (innen rimelig sum)di på praksisstaden dersom utgifter til bustad knytt til studiestaden
vert oppretthaldne. Søknad om refusjon vert ført på eige skjema (same som omtalt ovanfor).
Kvittering for betalt husleige både på studie- og praksisstaden skal leggjast ved, samt bustad
kontrakt. Dette tyder at ev. refusjon for bu-utgifter føreset at bu-utgifter ved studiestaden er
oppretthaldne, betalte og dokumenterte, når søknaden vert sendt.
3. ARBEIDSREISE-STØNAD I STADEN FOR STØNAD TIL EKSTRA BUSTAD-
UTGIFTER
Dersom studenten ikkje har utgifter til ekstra bustad i samband med praksisstudiet kan det bli
vurdert å dekke utgifter til pendling dersom desse overstig pendling til studiestaden elles. Det
må i tilfelle gjerast avtale på førehand om dette med praksisansvarleg/instituttet. Stønaden
vert gitt etter rimelegaste, dokumenterte reisemåte (månadskort/stud.rabatt).
Dersom det er nødvendig med bruk av eigen bil, må også dette avtalast særskilt på
førehand. Satsane som gjeld for km-godtgjersle er pr. i dag kr 3,50. Passasjertillegg er kr.1,-
pr.km.
Ved bruk av bil til og frå praksisplass, må det førast kjørebok/kjøreliste for kvar dag. Den
skal signerast av rettleiar ved praksisplassen. Skjema til kjøreliste får ein ved
praksiskoordinator når avtale om bruk av eigen bil er godkjent, eller du lager denne sjølv.
Denne kjørelista skal leggast ved søknad om refusjon.
Refusjon for utgifter til arbeidsreise føreset at bu-utgifter ved studiestaden er oppretthaldne,
betalte og dokumenterte, når søknaden vert sendt
Frist for refusjonskravet
Kravet skal vere innlevert til instiutttet ved Lene Hovde, praksiskoorinator raskast mulig og seinast
innan 15.januar.
Søknadskjemaer vil studenter finn i canvas.
Mobil- og nettbruk
Studentane må følgje reglane for mobil- og nettbruk ved praksisstaden.