Tvil om bestått praksis

Rutiner ved tvil om bestått, eller ikkje bestått praksis jf retninglinjer §5 og §6

TVIL OM «BESTÅTT» PRAKSIS

Dersom praksisrettleiar eller kontaktlærar undervegs får tvil om praksis vil bli vurdert som «stått», skal studenten og den andre parten bli gjort kjende med det snarast råd. Partane skal vurdere om det skal gjennomførast eit møte. Dersom det ligg føre eit framlegg om innstilling «ikkje stått» skal det alltid gjennomførast møte. Det er emneansvarleg som innkallar til eit slikt møte med student, praksisrettleiar, kontaktlærar og eventuelle andre som kan ha viktig kunnskap om situasjonen. 
Innkallinga skal vere skriftleg og vere studenten i hende seinast fem dagar før møtet. Føremålet med møtet skal vere å klare opp eventuelle mistydingar og å kartlegge alle viktige fakta og synspunkt i saka, derunder kva studenten må gjere for at vedkomande ikkje skal få «ikkje stått» praksis. Innkallinga skal gjere greie for kva saka gjeld, og skal elles innehalde det som reknast som påkravd for at studenten på forsvarleg måte kan ivareta si interesse. Emneansvarleg skal føre protokoll frå møtet. Eventuelle kommentarar til protokollen skal vere skriftlege, og sendast til emneansvarleg seinast ei veke etter at protokollen er gjort kjend for møtedeltakarane. 
På grunnlag av opplysingane som kjem fram i møtet og som kommentarar til protokollen, gjer emneansvarleg vedtak om studenten kan halde fram med praksis eller får karakteren «ikkje stått». Vedtaket og grunngjevinga sendast studenten. 
 Innstilling om «stått» eller «ikkje stått» praksis gis i form av ei heilskapleg vurdering basert på: - grad av oppnådd læringsutbyte for praksis - arbeidskrav i emnet - talet på dagar studenten har møtt fram i praksis

VED «IKKJE STÅTT» PRAKSIS

Talet på forsøk ein student har for å få «stått» karakter i praksis, går fram av § 6-8 (7) i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 
Ved kontinuasjon følger høgskulen dei vanlege prosedyrane for praksisplassering. Dette vil seie at dersom ikkje anna vert avtalt særskilt, følger ny praksis høgskulen sine tider for praksisplassering. 
Ny praksis skal gjennomførast ved ein annan praksisstad enn der studenten fekk «ikkje stått» praksis. Studenten skal gis høve til å uttale seg dersom instituttet vurderer det som hensiktsmessig at studenten har same kontaktlærar i ny praksis. 
Institutt for sosialfag skal vurdere å informere ny praksisstad dersom det tidlegare har vore tvil om «stått» praksis, om studenten tidlegare har fått karakteren «ikkje stått» praksis, og om bakgrunnen for tidlegare vurderingar. Føremålet er at studenten skal få ei reell sjanse til å arbeide med sine lærebehov i ny praksis.