Jubileumskonferansen
Jubileumskonferansen
Den første dagen vil bli brukt til å fortelje historia om desse utdanningane i Volda, samt arrangere festmiddag for tilreisande gjester, medan andre dagen vil setje fokus på utfordringar for sosialt arbeid i m.a. barnevernet, NAV, psykisk helsearbeid og arbeidet med minoritetar. Her blir det innleiingar frå sentrale fagfolk på desse felta.
Torsdag 31. mars: Historia for sosialfaga ved HVO
12.00: Lunsj.
13.00: Velkomst og musikalsk opning.
13.05: Helsing frå rektor ved HVO.
13.20: Kåre Heggen: Starten og utviklinga mot 3-årig barnevernsutdanning
13.40: Hallgerd Conradi og Gunnar Stave: Sosionomutdanninga tek form
14.00: Pause
14.15: Betina Haug Olson: Grunnutdanningane i dag – RHETOS og praksislæring
14.35: Tor-Johan Ekeland: Utviklinga av master- og Ph.D.-utdanning
14.55: Randi Bergem: Sosialfaga sett frå Avdeling for samfunnsfag og historie.
15.10: Pause
15.40: Stemmer frå starten. Kva skjedde i Volda og kva tok vi med oss vidare? Etterfølgt av panel med innleiarar og diskusjon med salen. Avslutning seinast kl. 17
19.30: Middag m/ musikalske innslag, helsingar og tale
Fredag 1. april: Jubileumskonferanse
09.00: Opning av konferansen
09.10: Marianne Rugkaasa: «Sosialt arbeid i eit fleirkulturelt samfunn». Ho er sosialantropolog og professor i sosialt arbeid ved OsloMet, også professor 2 ved HVO.
10.00: Kari Killén: «Sosialt arbeid i barnevernet». Ho er sosionom med engelsk MA i psykososialt arbeid og forskar emeritus ved NOVA, OsloMet, og ein av pionerane i norsk barnevernsforsking.
10.45: Pause m/kaffi
11.00: Ingerid Aamodt: «Sosialt arbeid i psykisk helsevern». Ho er sosionom, var student i Volda 1973-75, og er no gruppeleiar ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse ved Helseregion Øst og Sør.
11.45: Lars Inge Terum: «Sosialt arbeid i NAV». Han er sosiolog og professor ved Senter for profesjonsstudier ved OsloMet. Terum var student i Volda 1972-74.
13.00: Tor-Johan Ekeland: Oppsummering av konferansen
13.30: Avslutning og lunsj
Påmelding
Praktisk info og påmelding.
Bidragsytarar til jubileumskonferansen
Kari Killén
er sosionom, dr.philos. og forskar emeritus ved NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring). Ho har i mange år undervist helse- og sosialarbeidarar i Norden og internasjonalt. Dei siste åra har ho særlig forska på tidlig foreldre/barn-samspel og tilknyting, metodeutvikling i forhold til omsorgssvikt og forebyggande arbeid. Ho har skrive flere bøker om temaet, som er oversatt til ei rekke språk. I 2002 mottok ho den internasjonale utmerkelsen Distinguished Career Award for Service and Contributions to the Prevention of Child Maltreatment. Andre titler av Killén er Barndommen varer i generasjoner (2000), Det sårbare barnet (2003) og Sveket (2004). Cristin
Ingerid Aamodt
er klinisk sosionom og barnevernspedagog, cand. polit. i sosialt arbeid. Ho arbeider ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Øst og Sør og har markert seg i faglige debattar innan sosialfeltet. Aamodt studerte sjølv ved Distriktshøgskulen i Volda i byrjinga av 70-talet. Cristin
Lars Inge Terum
er sosiolog, og professor ved Senter for profesjonsstudier ved Oslo met – storbyuniversitetet. Terums forskningsinteresser har særlig rettet seg mot trygde- og sosialpolitikk, kvalitet i høgare utdanning, arbeidsinkludering, sosialt arbeid og frontlinjearbeid. Han har publisert ei rekkje bøker og artiklar om desse tema. Terum har også vore professor II ved Høgskulen i Volda. Terum studerte sjølv ved Distriktshøgskulen i Volda i byrjinga av 70-talet. Cristin
Marianne Rugkåsa
er sosialantropolog og professor i sosialt arbeid ved OsloMet – storbyuniversitetet, Institutt for sosialfag. Rugkåsa er også professor II ved Høgskulen i Volda. Hennar forskningsinteresser er velferdsstat og integrasjon, barnevern og migrasjon, fattigdom og marginalisering. Ho har blant anna skrive om normaliserings- og siviliseringsprosessar i velferdsstaten i Norge og Norden. Cristin