Sosialfag - 50 år i Volda

Feiringa

Opprettinga av distriktshøgskular i Noreg rundt 1970 var ein utdanningsrevolusjon ved at det styrka tilbodet om høgre utdanning i distrikta. Volda vart ein av dei første DH-skulane. Ein viktig siger for formell yrkeskompetanse var det då velferdsutdanninga ved høgskulen blei den første treårige barnevernspedagogutdanninga i landet i 1980. Sosialt arbeid utgjer i dag eit av dei største utdanningsmiljøa ved Høgskulen i Volda – målt i talet på studentar og tilsette. Fagmiljøet har i dag nærare 400 studentar på dei ulike nivåa, samt om lag 25 fagtilsette.

Jubileumskonferanse

Jubileumskonferansen vil finne stad i Volda torsdag 31. mars og fredag 1. april 2022. Den første dagen vil bli brukt til å fortelje historia om desse utdanningane i Volda, samt arrangere festmiddag for tilreisande gjester, medan andre dagen vil setje fokus på utfordringar for sosialt arbeid i m.a. barnevernet, NAV, psykisk helsearbeid og arbeidet med minoritetar. Her blir det innleiingar frå sentrale fagfolk på desse felta.

 

Starten

Den spede starten skjedde for 50 år sidan, då 15 studentar vart tekne opp til 2-årig studium i «Velferd og organisasjon, allmenn line» ved den nystarta Distriktshøgskulen i Volda. Studiet skulle gi studentane kompetanse i miljøarbeid, fritids- og velferdsarbeid i institusjonar, rådgjevingsarbeid, men også meir administrative oppgåver i organisasjonar, eit nokså breitt kompetansefelt.

Starten vart prega av den nasjonale diskusjonen rundt etableringa av distriktshøgskulane, eit resultat av «Ottosen-komiteen» sine innstillingar. Debatten vart hard fordi det nye skuleslaget skulle tilby kortare og meir effektive studiar enn dei tradisjonelle universiteta og fagskulane, basert på det såkalla «kafeteria-prinsippet» der studentane kunne kople fag og studieemne. Diskusjonane var harde også ved DH-skulen i Volda.

Aasen-huset
Ivar Aasen-huset stod ferdig i 1972, året etter Møre og Romsdal distriktshøgskule vart etablert i Volda.

Starten var vanskeleg, både fordi det møtte studentar med nokså ulike forventningar til studiet, men også fordi m.a. Norsk sosionomforbund (NOSO) motarbeidde distriktshøgskulane og boikotta studiar her. Gjennom 70-talet sto arbeidet for å oppnå formell yrkeskompetanse sentralt for høgskulen og for dei tilsette ved studiet.

Profesjonsstudium og vidare utvikling

Fagmiljøet i Volda bestemte seg ut på 70-talet for å gjere om studiet, som då heitte toårig studium i sosialpedagogikk, til ei treårig sosionomutdanning. Forslaget fekk støtte i Kyrkje- og utdanningsdepartementet, men vart stogga av distriktspolitiske grunnar. Stortinget ville bruke dette høvet til å leggje ei ny sosionomutdanning til Florø, for at Sogn og Fjordane skulle få sitt første høgre utdanningstilbod, eit tilbod som aldri vart realisert.

Distriktshøgskulen i Volda fekk i staden Noregs første treårige barnevernspedagogutdanning, starta opp i 1980. Gjennom 80-talet vart det så arbeidd for å styrke tilbodet også med sosionomutdanning, som kom i gang i 1991, i stor grad etter planen som var lagd på 70-talet.

Miljøet vaks utover mot 2000, og i 2008 utvikla fagmiljøet også masterstudium i sosial- og helsearbeid, frå 2015 også PhD-utdanning i helse- og sosialfag, i samarbeid med Høgskulen i Molde.

Nokre av dei sentrale aktørane

Mange fagtilsette lærarar medverka til denne utviklinga av sosialfaga i Volda. Nokre av dei sentrale aktørane vil fortelje om denne utviklinga på jubileet, m.a. desse:

Kåre Heggen (pedagog), instituttleiar mange av åra på 70-talet, seinare dekan, medverkande til utviklinga og gjennomføringa av master- og PhD-tilboda.

Gunnar Stave (sosiolog), også med periodar som instituttleiar, særleg medverkande til utviklinga av sosionomstudiet, seinare rektor ved HVO.

Hallgerd Conradi (sosionom), også periodar som instituttleiar, særleg med ansvar for utviklinga av sosionomutdanninga frå 1991, seinare også dekan.

Tor-Johan Ekeland (sosialpsykolog), også periodar som instituttleiar, seinare rektor ved HVO, har hatt eit særleg ansvar for utviklinga av master og PhD-studiet.

Gjennom desse 50 åra har utdanningsmiljøet i Volda utdanna rundt 2800 barnevernspedagogar og sosionomar, i tillegg til masterkandidatar og etter kvart PhD-kandidatar.

Mange fagtilsette lærarar medverka til utviklinga av sosialfaga i Volda. Nokre av dei sentrale aktørane som vil fortelje om denne utviklinga på jubileet er m.a. Kåre Heggen (lengst til venstre), Gunnar Stave, Tor-Johan Ekeland og Hallgerd Conradi .

Aktuelt