Retningslinjer for HVO-tilsette i dr.gradsløp

Fleire tilsette med doktorgrad er eit sentralt mål for HVO, og Forskingsutvalet har derfor utarbeidd retningslinjer og rammevilkår for fagtilsette som er i dr.gradsløp utan å vere stipendiatar. Formålet med dette regelverket er å skape betre, og ikkje minst like vilkår for alle som vil gjennomføre eit slikt løp. Ei nyvinning er at dr.gradsstudentar no får tilgang til driftsmidlar på same vilkår som stipendiatane. FU oppmodar avdelingane om å vere fleksible og legge tilhøva best mogleg til rette for dei som er i dr.gradsløp, til dømes ved å blokklegge undervisning, redusere administrative oppgåver m.v. Målet må vere å gi mest mogleg samanhengande tid til forsking.


Retningslinjer for fagtilsette som er i doktorgradsløp utan å vere stipendiatar

Tilsette som skal søkje om opptak på doktorgradsprogram utan å vere stipendiatar må på førehand søkje dekan om tilsegn på finansiering. Dekanen gir godkjenning ut frå strategiske og økonomiske vurderingar.

  • Tilsette som er tekne opp på doktorgradsprogram utan å vere stipendiatar skal som hovudregel gjennomføre prosjektet på fem år.
  • I femårsperioden får kandidaten 50% FoU-tid i 4 år og to FoU-stipend, dvs. 3 årsverk til saman til doktorgradsarbeidet.
  • ”50% FoU” er tolka slik: 45% undervisning, 5% administrasjon, 50% FoU-tid som minstestandard.
  • Driftsmidlar: Tilsette får same vilkår som stipendiatane.
  • Rapportering: HVO får kopi av den årlege rapporten kandidaten skal levere til doktorgradsinstitusjonen.

Retningslinjene er vedtekne i Forskingsutvalet 3. november 2005 og 2. februar 2006. Revidert i Forskingsutvalet 15. desember 2015.