Forskarutdanning

Høgskulen i Volda har mange tilsette som arbeider med doktorgradsprosjekt. Dei fleste arbeider som stipendiatar i tre- eller fireårsløp. I tillegg arbeider mange fagtilsette med doktorgradsprosjekt i forskingstida si i eit femårsløp. Nokre doktorgradsprosjekt er knytt til større forskingsprosjekt ved høgskulen.  

I 2015 starta Høgskulen i Volda (HVO) og Høgskolen i Molde (HiM) ei felles doktorgradsutdanning i helse- og sosialfag.

HVOs første eigne doktorgradsstudium, Utdanning, språk og kultur, blir starta opp frå 1. januar 2025. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning får lyse ut fem stipendiatstillingar i 2024 for oppstart så tidleg som råd i 2025.

Stipendiatane ved Høgskulen i Volda (HVO) er organiserte i ei eiga Stipendiatforeining, som også er representert i Forskingsutvalet.

Utlysing av stilling som ph.d.-stipendiat ved Høgskulen i Volda

Ledige stipendiatstillingar ved Høgskulen i Volda vert lyst ut her. Mal for prosjektskildring for ph.d. i utdanning, språk og kultur kan du finne her.

Copyright: Høgskulen i Volda