Stipendiatar

Stipendiatar: Reglar, rettar og plikter

Godkjent av direktør 28.11.2023.

Stipendiatstillingar er heimla i Universitets- og høyskoleloven § 6-4 (1) f) som rekrutteringsstillingar på åremål. Lovheimel og forskrift om tilsetjingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat m.v. (FOR 2006-01-31 nr. 102), sjå lovdata, dannar saman med utlysingstekst, tilbodsbrev og arbeidsavtale grunnlaget for tilsetjing som stipendiat.

Målet med dokumentet Reglar, rettar og plikter for stipendiatar ved Høgskulen i Volda er å sikre god tilrettelegging for gjennomføring av stipendiatperioden. MERK: Endringane i pkt 2.6 Stipendiatperiode og arbeidsplikt frå og med 11.01.2022 har ikkje tilbakeverkande kraft, og arbeidsoppgåver som allereie er oppført i arbeidsplanen skal ikkje endrast.

Retningslinjer for bruk av driftsmidlar

Godkjent av direktør 17.09.2021.

Bruk av driftsmidlar er regulert av Forskrift om offentlige anskaffelser og Skatteregelverket. Målet med Retningslinjer for bruk av driftsmidlar er å gje dei som har driftsmidlar tydelege rammer og å sikre etterleving av gjeldande lover og reglar for bruk av offentlege midlar. MERK: Med opprettinga av Retningslinjer for bruk av driftsmidlar skal driftsmidlar heretter verte nytta til språkvask og deltaking på internasjonal konferanse.

Retningslinjer for fagtilsette som er i doktorgradsløp utan å vere stipendiatar

Tilsette som ønskjer å søkje opptak på doktorgradsprogram utan å vere stipendiatar, må på førehand søkje dekan om tilsegn på finansiering. Dekanen gir godkjenning ut frå strategiske og økonomiske vurderingar.

Sjå eigne retningslinjer for denne ordninga: Retningslinjer for HVO-tilsette i dr.gradsløp

 

Nyttige nettsider for ph.d.-kandidatar:

PhD on Track