Korleis opplev barn å bli gjenforent med foreldra sine etter å ha vore under barnevernet sin omsorg? Kva erfaringar gjer dei seg?

Mange forskarar har snakka med foreldre, fosterforeldre og barnevernet, men nesten ingen har snakka med barn og unge om dette. Barn og unge har viktig kunnskap som hjelpetenestene treng for å kunne gje dei naudsynt støtte i denne prosessen.

Vi ønskjer å snakke med 15-20 unge som har opplevd ei gjenforening etter å ha vore under omsorg av barnevernet (til dømes fosterheim, barneverninstitusjon eller einetiltak).

Dersom du vil bidra, inneber det å delta på eit intervju på om lag ein time. Intervjuet kan gjennomførast digitalt eller fysisk, og du vil få eit gåvekort på 300 kr for å delta. For å delta må du vere mellom 16 og 25 år og ha blitt gjenforent med foreldra dine etter å ha vore under barnevernet sin omsorg. Lenke til påmeldingsskjema.

Har du spørsmål om prosjektet kan du kontakte Hege Tomren Nystøyl
(tlf. 41318305, e-post: nysthege@hivolda.no) ved Høgskulen i Volda.

Sjå og last ned Plakat - Barnas gjenforening av Hege Tomren Nystøyl.