Forskarskular og forskarkurs

Kurs for stipendiatar og andre forskarar ved HVO:

Høgskulen arrangerer kurs for stipendiatar i forskingsaktuelle tema som: Artikkelskriving, metodekurs, datakurs (SPSS, NVIVO, Endnote) med meir. Ta kontakt med forskingsadministrasjonen om du har ønskje om eller idéar til kurs. 

Høgskulen i Volda er medlem av desse forskarskulane:

Forskarskulane har sine eigne kurs og seminar.

WNGER II

Vestlandets forskarskule for pedagogikk- og utdanningsforskning (Western Norway Graduate School of Education II) (WNGER II) er ei forskarskulesatsing på Vestlandet  med mål om å skape ei best mogleg forskarutdanning for våre doktorgradskandidatar. Målgruppa for forskarskulen er doktorgradskandidatar innan pedagogikk, lærarutdanning, universitets -og høgskulepedagogikk, utdanningsvitskap, helse -og idrettsvitskap, spesialpedagogikk og profesjonsutøving fra Stavanger i sørvest til Molde i nordvest.

PROFRES

PROFRES er ein nasjonal forskarskule for profesjonsretta og praksisnær forsking på områda helse, velferd og utdanning. Universitetet i Stavanger (UiS) står for leiinga av forskarskulen som også har USN, Nord, UiA, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda som medlemsinstitusjonar.

Norwegian Graduate School in Mathematics and Science Education

Forskarskulen vil bidra til å lage eit fellesskap for ph.d-studenter og rettleiarane deira i matematikk- og naturfagdidaktikk i heile Noreg. Forskarskulen er eit stort fagleg miljø og eit nasjonalt kraftsenter innan matematikkdidaktikk. I tillegg bidreg forskarskulen globalt ved å jobbe for betre undervisning og livslang læring i matematikk.

The Norwegian Research School in History (NRSH)

Åtte norske universitet og høgskular som underviser og forskar innanfor historie har gått saman for å danne ein nasjonal forskarskule i historie. Målet er å gje den historiefagleg forskarutdanninga i Noreg eit betydeleg løft ved å tilby fagspesifikke ph.d.-kurs i historie med høgt internasjonalt nivå. Forskarskulen er først og fremst for historikarar, men er også aktuell for kandidatar som arbeider med historisk materiale eller i tilgrensande fag.

RVS (Religion values society)

Målet med RVS er å mobilisere og fremje norsk ekspertise innanfor samspelet mellom religionar, verdiar og samfunn og å danne langsiktige nettverk på området, fremje samarbeid mellom Ph.D. studentar og seniorforskarar på relevante og interessante tema på feltet. Kontaktperson ved Høgskulen i Volda er Anders Aschim.

Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies (GRS)

Høgskulen i Volda er ein av dei fem medeigarane av den regionale forskarskulen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies (GRS), saman med Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger. GRS tilbyr kurs for ph.d.-studentar i ei rekkje musikkdisiplinar, som musikkutdanning, musikkterapi, framføring og komposisjon.

 

Nyttige nettsider for Ph.D.-kandidatar:

PhD on Track