Ph.d. i helse- og sosialfag

Høgskolen i Molde - vitenskapelig høgskole i logistikk og Høgskulen i Volda tilbyr i fellesskap ph.d.-utdanninga: "Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving - vilkår og utvikling". At dette er ein fellesgrad betyr at dei to høgskulane samarbeider om å gje utdanninga. 

Studiet er prega av brei fagleg orientering og tverrfagleg tenking på tvers av profesjonsgrenser og tenestenivå.

Utdanninga rettar seg mot studentar som har gjennomført masterutdanning på relevante fagområde. Både sjukepleie, vernepleie, sosionom, barnevernsutdanning og andre direkte helse- og sosialrelaterte profesjonar har god bakgrunn for å gå inn på ph.d.-utdanninga.  

Men ei heil rekkje andre fagområde kan også vere relevante for opptak om ein er oppteken av dei generelle spørsmåla som blir dekt av ph.d.-utdanninga, som til dømes: Lærarutdanning, psykologi, sosiologi, etikk, filosofi, juss, statsvitskap, leiing- og administrasjonsfag, logistikk og kommunikasjonsfag. 

Du finn meir detaljert omtale av studiet HER.