Ph.d. i utdanning, språk og kultur

Ph.d.-programmet «Utdanning, språk og kultur» er ei forskarutdanning på tvers av utdanningsvitskap og språk- og kulturfag. I tillegg til utdanningsvitskap inkluderer det norsk, engelsk, historie, religion, medie- og kulturfag.

Det vert lagt vekt på språk- og kulturfaga som danningsfag og som grunnlag både for oppseding til sjølvstende og kritisk tenking og for forståing av kultur i fortid og notid. Kjernen i programmet er ulike koplingar mellom utdanningsvitskap, språk- og litteraturvitskap, skriftkultur og ulike kulturmøte. Programmet vil fremje gjensidig styrking av profesjonsretta og disiplinære tilnærmingar med rom for ulike tyngdepunkt i fag og didaktikk.

Samstundes som programmet har base i Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), involverer det fagmiljø og forskingsprosjekt også i dei tre andre avdelingane ved høgskulen: Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH), Avdeling for mediefag (AMF) og Avdeling for kulturfag (AKF).

Ph.d.-programmet «Utdanning, språk og kultur» blir starta opp frå 1. januar 2025. Mal for prosjektskildring kan du finne her.