Regelverk og støtteordningar

Stipendiatar: Reglar, rettar og plikter

Godkjent av direktør 28.11.2023.

Stipendiatstillingar er heimla i universitets- og høyskoleloven § 7-6 som rekrutteringsstillingar på åremål. Lovheimel og forskrift til universitets- og høyskoleloven (FOR-2024-06-28-1392), sjå lovdata, dannar saman med utlysingstekst, tilbodsbrev og arbeidsavtale grunnlaget for tilsetjing som stipendiat.

Målet med dokumentet Reglar, rettar og plikter for stipendiatar ved Høgskulen i Volda er å sikre god tilrettelegging for gjennomføring av stipendiatperioden. MERK: Endringane i pkt 2.6 Stipendiatperiode og arbeidsplikt frå og med 11.01.2022 har ikkje tilbakeverkande kraft, og arbeidsoppgåver som allereie er oppført i arbeidsplanen skal ikkje endrast.

Retningslinjer for bruk av driftsmidlar

Godkjent av direktør 17.09.2021.

Bruk av driftsmidlar er regulert av Forskrift om offentlige anskaffelser og Skatteregelverket. Målet med Retningslinjer for bruk av driftsmidlar er å gje dei som har driftsmidlar tydelege rammer og å sikre etterleving av gjeldande lover og reglar for bruk av offentlege midlar. MERK: Med opprettinga av Retningslinjer for bruk av driftsmidlar skal driftsmidlar heretter verte nytta til språkvask og deltaking på internasjonal konferanse.

Retningslinjer for høgskulelektorar i doktorgradsløp 

Høgskulelektorar som ønskjer å søkje opptak på doktorgradsprogram utan å vere tilsett som stipendiat, må på førehand søkje dekan om tilsegn på finansiering. Dekan godkjenner søknaden ut frå ei samla vurdering.

Sjå nettside og eigne retningslinjer for denne ordninga: Retningslinjer for høgskulelektorar i doktorgradsløp

Støtte til utanlandsopphald

Fastsett av direktør 19.06.2024.

Stipendiatar og fagleg tilsette kan søkje om støtte til utanlandsopphald. Føremålet er å medverke til auka mobilitet, stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid, nettverksbygging i utlandet og internasjonal erfaring. Utanlandsstipend er særleg aktuelt i forbindelse med doktorgradsutdanning, FoU-stipend og professor-/dosentstipend ved HVO. 

Sjå nettside og eigne retningslinjer for denne ordninga her

Open tilgang/Open Access

Fastsett av direktør 18.06.2024.

Høgskulen i Volda har ei støtteordning for å dekke forfattar-/publiseringskostnader ved open tilgang/Open Access-publisering av vitskaplege tidsskriftsartiklar. Forskingsadministrasjonen avgjer søknadane løpande. 

Sjå nettside og eigne retningslinjer for denne ordninga her

Språkvask

Dei som vil publisere artikkel på norsk eller engelsk i tidsskrift på nivå 1 eller 2 i det nasjonale registeret for publiseringskanalar kan søkje støtte til språkvask. Søknadsfristen er løpande. Sjå nettside for ordninga her.