Poesikonsert og jam

trio
Geir Hjorhol, Andreas Barth og Lars Amund Vaage.

I forlenging av eit forskingsseminar på Høgskulen i Volda – om forholdet mellom musikk og litteratur – blir det onsdag 17. oktober arrangert ein poesikonsert med påfølgjande jamsession på Fru Svendsen kunst- og kulturkafé i Ørsta.

Etter tidlegare på dag å ha diskutert kva som skjer når litteratur og musikk møtest, får seminardeltakarane her høve til å setje tankane sine ut i livet gjennom opplesing og musisering. 
I første del av konserten får vi høyre forfattaren Lars Amund Vaage lese eigne tekstar saman med musikarane Andreas Barth (perkusjon) og Geir Hjorthol (trompet). Vaage er ein av det fremste forfattarane i Noreg i dag. Fleire av bøkene hans er nær knytt til musikk, som novellesamlinga Den vesle pianisten (2017). Trioen var for ikkje lenge sidan på konsertturné med framføring av tekstar frå diktboka Den raude staden. Konsertane vart tekne opp og har gitt materiale til plateutgiving.
I neste økt kjem forfattaren Hilde Myklebust, frå Syltedalen i Vanylven, og hardingfelespelaren Benedicte Maurset frå Eidfjord i Hardanger. Myklebust kom nettopp ut med den fjerde diktsamlinga si, Kvar ein fugl. Maurseth er ein internasjonalt kjend og prisløna folkemusikar med ei rekkje plateinnspelingar bak seg. Ho har også skrive om musikk, og har lang røynsle frå musikalsk-litterære prosjekt. Mellom anna har ho laga og framført musikk til opplesingar av Jon Fosse sine tekstar på Nasjonaltheatret og Det Norske Teateret.   
I siste del av programmet er det fritt fram for den som vil delta med eigen musikk eller tekstar. Så ta gjerne med deg instrument eller ein tekst eller to som du kan tenkje deg å lese opp til musikk!
 

Hilde Myklebust – opplesing
Lars Amund Vaage – opplesing
Benedicte Maurseth – hardingfele
Andreas Barth – perkusjon og elektronikk
Geir Hjorthol – trompet

Jamsession: Ta gjerne med instrument eller tekstar til opplesing!

Fri inngang

Del på