Institutt for religion og livssyn
Institutt for religion og livssyn er knytt til avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL). Kontora våre finn du i Synnøve Riste-huset i 3. etasje.
Vi er 9 tilsette, og er såleis eit av dei større miljøa i universitet- og høgskulesektoren i Noreg innafor religion. Instituttleiar er Ralph Meier. Vi representerer ulike faglege tyngdepunkt: mellom anna teologi, religionsvitskap, idéhistorie, filosofi, kulturmøter og religionsdidaktikk. Dette mangfaldet speglar også breidda i studietilboda.
Instituttet tilbyr fylgjande program og emne:
- Examen Philosophicum, både campus og nett
- Årsstudium i Religion, kultur og samfunn, både campus og nett
- Fordjuping i Religion, livssyn og etikk, nett
- Bachelor i Religion og kultur, nett
- Intercultural Communication
- Master i kulturmøte (i samarbeid med Historisk institutt)
- RLE i profesjonsutdanningane (Barnehage, grunnskule og PPU)
- Instituttet samarbeider med fleire institusjonar i utlandet. Vi arrangerer mellom anna årlege ekskursjonar til London for å studere religionsundervisning i fleirkulturell kontekst.
Instituttet har eit aktivt forskarmiljø, med eigen skriftserie Religionsfag Profil. Ei oversikt over de tilsette og forskingsprosjekta, se liste over alle tilsette.