Kva kan eg bruke utdanninga til - Barnehagelærar

For å kunne fungere godt i barnehagelærarrolla, er det viktig med god kunnskap om ulike religionar og livssyn. Rolla skal utøvast i nær forståing med heimane til borna, og gjennom RLE-undervisninga vil læraren bli tryggare på korleis ein kan møte menneske i eit multireligiøst og fleirkulturelt samfunn med respekt og innsikt. Det kan oppstå etiske dilemma i barnehagen, og etikken og menneskerettane er sentrale innan utdanninga.

RLE-undervisninga vil ein utvikle studenten sin kompetanse i å samtale med barn om religiøse og filosofiske spørsmål, og det å kunne møte barn i sorg og krise.

Barnehagelæraren er også kulturformidlar, og studentane lærer om bakgrunnen for og innhaldet i høgtider og merkedagar i norsk kultur. Studentane opparbeider seg eit forteljingsrepertoar med forteljingar både frå kristendom og andre religionar som kan nyttast ved høgtidsmarkering i barnehagen.

Årsstudiet/halvårsstudiet i RLE vert godkjent som fordjupning og vidareutdanning i førskulelærarutdanninga.

 

Eit friskt pust i førskulelærarutdanninga

– Eg tok KRL som ein del av førskulelærarutdanninga i Volda, seier Kjetil Ytreberg. Studiet var lagt opp slik at vi fokuserte på barnehagelovverket, rammeplanen og kristendom det første semesteret, og andre religionar og human-etikk i andre semester. Eg likte godt opplegget med både obligatoriske og valfrie førelesningar.

– KRL-faget var for meg eit friskt pust i førskulelærarutdanninga. Timane var prega av positiv energi og engasjement, både frå faglærarar og studentar. Vi hadde mange interessante diskusjonar og "friske" innspel. Studiet har vore særs inspirerande, noko eg vidarefører når dei store spørsmåla /eller spørsmål kring livet og døden dukkar opp i barnehagen.