Kva kan eg bruke utdanninga til - Helsevesenet og anna sosialt arbeid

Kunnskap om religionar og livssyn – viktig også for profesjonane i helse- og sosialsektoren!


Å spørja etter mål og meining med livet sitt høyrer med til det å vera menneske. Slike behov kan kjennast særleg sterkt når vi møter sjukdom eller andre livskriser. Difor er det viktig at den som arbeider i helse- og sosialsektoren ikkje overser, bortforklarar eller mistyder slike behov hos brukarane. Og det gjer at desse profesjonane treng ein viss fagkunnskap også når det gjeld religionar og livssyn.

Vi opplever eit livssynsmangfald i vår tid. Samfunnet har blitt både fleirkulturelt og multireligiøst. Det verserer ulike og konkurrerande svar på livsspørsmåla. Nokre menneske har framleis ei religiøs tru eller eit livssyn dei finn trøyst i. Men mange kjenner også på forvirring og uro i mangfaldet. Skal profesjonane i helse- og sosialsektoren kunna møta den enkelte med innsikt, forståing og respekt, trengst det difor gode kunnskapar om det aktuelle religions- og livssynsmangfaldet.

Høgskulen i Volda (HVO) tilbyr eit års grunnutdanning, pluss eit halvt års fordjuping, på dette fagfeltet. Religion, livssyn og etikk-studiet (RLE) har ein allmenn profil, og vil såleis kunna stetta behov i fleire samanhengar. Det kan studerast både lokalt ved HVO og som reint nettstudium.