Kva kan eg bruke utdanninga til - Kulturjournalist

Studium for ein kulturjournalist


Religion er til stades i det offentlege romet. Vi har vore gjennom ein lang debatt om karikaturteikningar og blasfemi. Dei neste åra skal vi få endringar i tilhøvet mellom staten og staten sin offentlege religion. Alternative livssyn, religiøse og sekulære, er i vekst. For ein som vil drive kulturjournalistikk, vil eit studium hos oss kunne gi innsikt.