Studietilbod
Ved Institutt for religion og livssyn får du undervisning i emner på alle nivå frå examen philosophicum til mastergrad. Emna passar for dei som ynskjer grunn- og etterutdanning, fordjupning, samt dei som kan tenke seg eit fullt studieløp i religionsfag til og med masternivå. Vi tilbyr årsstudium i RLE, fordypning og etterutdanning og fordjupning for lærarar. I samarbeid med Historisk institutt driver vi også det tverrfaglege masterstudiet i Kulturmøte. For å se alle variantar av studier ved instituttet kan du gå til siden Studietilbod og filtrere på historie og religion.
Årsstudium i RLE - nettstudium
Årsstudiet er ei innføring i kristendommen og andre religionar og livssyn. Studiet gir oversikt over det som høyrer med i det kulturelle og religiøse mangfaldet i vår tid. Ein kan ta studiet både på vanleg måte på høgskulen, og som nettstudent. Ein kan ta det på heil. eller deltid. På campusstudiet legg vi vekt på variert undervisning både i klasserom og med ekskursjonar i inn – og utland.
Fordjupingsstudium i RLE - nettstudium
Fordjupingsstudiet tek sikte på ei grundigare innføring i delar av årsstudiet, og danner ein basis for videre masterstudium, t.d. kulturmøte. Fordjupningsemna går både som campusstudium og som nettstudium, og kan takast på heil- eller deltid. Emna er: Spiritualitet før og no , Livssynsmarknad og livssynsdebatt og Fordjupningsoppgåve i religion og livssyn.
Masterstudium i kulturmøte - heiltid eller deltid
Globaliseringa gjer at menneske med ulik religiøs og kulturell bakgrunn stadig får fleire kontaktpunkt. Men korleis vi skal forstå dette er ikkje alltid like klart og enkelt. Er du interessert i sambandet mellom religion, kultur og politikk, eller i møtet mellom religionar og kulturar i historie eller samtid? I dette studiet får du både teoretisk innsikt i tema som dagleg dukkar opp i mediebiletet og ein nøkkel for å forstå dei utfordringane eit fleirkulturelt samfunn står ovanfor.
Examen philosophicum - nettstudium
Examen philosophicum (populært kalla “exphil”) er eit 10 stp emne som er samansett av filosofi- og vitskapshistorie, allmenn etikk og litt vitskapsfilosofi med logikk. Emnet er obligatorisk i mange bachelorløp. Og er det ikkje obligatorisk, så er det i alle fall nyttig å få med seg i ei bachelorgrad. Dersom ein tek ein mastergrad, vil det som regel vere eit krav at bachelorgraden ein bygg på, har inkludert exphil eller at exphil er teke i tillegg. Dei fleste mastergrader inkluderer nemleg eit kurs i vitskapsfilosofi som bygg på exphil. Ved Høgskulen i Volda er det Institutt for religion og livssyn som tilbyr exphil. Vår exphil vert normalt godkjend ved dei andre universiteta og høgskulane i Noreg. Ex.phil kan takast som anten på campus eller som nettstudium.