Tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling
Tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring er politisk vedtekne strategiar der intensjonane er å gje rom for at barnehage- og skuleeigar skal planlegge og initierer utviklingsarbeid basert på lokale behov i partnarskap med UH.
Strategien er langsiktig og skal bidra til at tilsette i barnehage- og skulesektoren, i samarbeid med universitet og høgskular, sjølve definerer og prioriterer kva kompetanseutvikling dei treng. Universitet og høgskular skal vere utviklingspartnarar, og skal vidare til at den arbeidsplassbaserte kompetanseutviklinga er forskings- og kunnskapsbasert (Meld. St. 21, 2016-2017).
Målet er også at lokal høgskule/universitet skal få ein meir praksisnær kompetanse. Bakgrunnen for strategien er at nasjonale kompetansesatsingar ikkje i stor nok grad har gitt rom for å tilpasse utviklingsarbeid til lokal kontekst.
Arbeidsgruppe for dei desentraliserte ordningane:
Fagleg koordinator DeKomp: Toril Hjelle
Fagleg koordinator DeKomp VGO: Torstein Drabløs
Fagleg koordinator ReKomp: Nina Følsvik
Etter- og vidareutdanningskoordinator: Ole Frank Bakken
Fagleg koordinator Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis: Hilde Heltne Megard