Studentar med lokalsamfunnsanalyse

Tekst: Webmaster Volda

Det er ein del av undervisningsopplegget at studentane skal gjennomføre analyse retta mot eit lokalsamfunn. Dette utfordrar studentane til å integrere dei ulike faga gjennom aktivt feltarbeid og rapportskriving. På førehand vart studentane delt i fire grupper og med fokus på kvar si bygd. På bakgrunn av problemstilling og feltarbeid har gruppene utarbeidd ein skriftleg rapport, som skal peike ut og synleggjere dei viktigaste utviklingstrekka til no, og dei viktigaste utfordringane og sjansane for lokalsamfunnet i framtida.

- Eg har lært svært mykje med arbeidet av analysen. Eg ser at det tverrfaglege innhaldet som studiet har, er viktig og har vore nyttig for å fange opp heilheita, seier student Therese Mo Øye, som var med å analyserte Gjerdsvika.

Ny respekt for politikarar og offentleg tilsette

Dette opplegget gir studentane eit godt møte med praksisfelt og teori. Gjennom fleire år har undervisninga vore lagt opp slik, med gode tilbakemeldingar frå studentane.

- Verkelegheita er meir kompleks enn eg hadde trudd. Det kan vere vanskeleg å sjå det rette når forholda blir ”nære” som i eit bygdesamfunn. Som 1.årsstudent har eg mykje å lære, for fagfeltet er stort og vidt. Eg har fått ny respekt for offentleg tilsette, både kommunalt, i fylket og statleg. Det er mange omsyn å ta – viktige omsyn! Arbeidet med denne lokalsamfunnsanalysen har vist tydeleg at det ikkje er enkelt å vere politikar. Dei legg ned mykje tid og ressursar, men får lite tilbake og har i tillegg vanskelege prioriteringar. Eg har fått eit fornya perspektiv på det arbeidet politikarar og offentleg tilsette legg ned, seier Therese Mo Øye.

IMG_2_stort_1
Nokre av studentane samla til

møte på Larsnes kommunehus.  (Foto: Sveinung Dimmen)


Interessante poeng

Studentane har kome med ulike konklusjonar. Dei som budde i Gjerdsvika møtte eit rikt næringsliv i ei lita bygd, med mange pendlarar inn til og ut av bygda. Studentane peikar på at betre vilkår for næringslivet er viktig for å skape befolkningsvekst i bygda.

For Sandsøya har studentane fokusert på kvifor folk har valt å bu der, og kva oppvekstsenteret har å seie for lokalsamfunnet. Viktige konklusjonar er naturen, kulturtilbod og fellesskapskjensle. Oppvekstsenteret er viktig for framtida til Sandsøya.

Kvamsøya vart sett i eit framtidsretta perspektiv, der fråflytting var eit sentralt tema. Studentane kom fram til at fritidstilbod, høve til utdanning og fastlandssamband er viktige faktorar som ein må arbeide for.

Det siste lokalsamfunnet var Gursken, som eigentleg består av fleire smågrender. Studentane karakteriserte følgjande som viktig: Kvinnearbeidsplassar, gjennomgangsbustad for ungdom, kollektivtilbod, barnehageplass og kultur/næringsutvikling.

- Sett frå vår side har det faglege utbyttet av årets lokalsamfunnsanalyse vore god. Studentane har også gitt positive tilbakemeldingar frå opphalda i dei ulike lokalsamfunna. Vi takkar Sande kommune for godt vertskap og samarbeid, seier studiekoordinator Ann-Iren Høgalmen.

Her finn du meir informasjon om bachelor i planlegging og administrasjon.

Del på