Studentar på jakt etter ”det gode liv” i Spania

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den siste samlinga er meint som ei oppsummering, og førstelektor Sveinung Dimmen gir studentane gode råd før eksamen. Livsløp, velferd og planlegging kan inngå som valfritt emne i mastergradene Samfunnsplanlegging og leiing og Meistring og myndiggjering. Dei fleste studentane er i eit mastergradsløp, men nokre tek emnet som vidareutdanning, for å få kunnskap om korleis livsløpsperspektiv kan gi innsikt i velferds- og planleggingsspørsmål.

- Emnet er organisert med tre samlingar, der den siste av samlingane er lagt opp som studietur til Spania. Vi har nett vore der ei veke, og studentane gjorde spennande datainnsamlingar medan dei snakka med nordmenn som er busett der nede, seier fagansvarleg Sveinung Dimmen ved Institutt for planlegging og administrasjon.

 

SPANIA_3_525_1

Studentar og lærarar på takterassen til høgskulelektor Brynhild Solvang, som har hatt hovudansvar for opplegget rundt studieturen til Alfaz. Frå venstre studentane: Solgunn Hindenes, Anette Solbakk, Tone Bye, Petter Lindseth, Ragnhild Jansson, Anne-Britt Rønning, og lærarane Brynhild Solvang og Sveinung Dimmen. (Foto: Lasse Hoggen).

 

Stort fagleg utbytte

To av studentane som var med til Alfaz del Pi er Tone Bye og Anette Solbakk. Dei fortel om ein vellykka studietur som har gitt stort fagleg utbytte, og har satt i gang tankeprosessar dei ikkje hadde trudd på førehand.

- Eg hadde ikkje så store forventningar til studieturen, og tenkte det ville bli mest oppleving. Eg må likevel seie at det faglege utbyttet har vore stort og veldig interessant. Vi fekk teori satt inn i ein ny setting, der vi måtte arbeide med oss sjølve, våre fordommar og forståing, og relatere det til pensum, seier Anette.

- Det var ei oppleving for livet! Vi vart guida rundt av nordmennene som bur der, og på den måten kjent i området på ein annan måte. Det vart ein annan oppleving enn ein vanleg ferietur. Eg hadde mine samfunnsmessige og politiske syn før eg reiste, men fekk trykt fordommane i ansiktet så snart eg kom ned. Det var annleis enn eg hadde trudd!, seier Tone og ler.

Alfaz – spansknorsk eller berre norsk?

Studieturen ga studentane innblikk i ein annan kultur. I Spania bur det fleire tusen nordmenn, og mange av desse har valt å slå seg ned i Alfaz del Pi. Studentane budde i eit område som heiter Albir.

- Det er eit ideelt studieområde på grunn av mangfaldet. Det er enkelt å treffe nordmenn, ein har mange institusjonar og godt utbygde velferdstilbod. På denne måten er det godt egna for våre studentar, med gode føresetnadar for å treffe nordmenn på jakt etter det gode liv, seier Sveinung Dimmen.

 

SPANIA_6_300

Besøk på kyrkjesenteret i Albir (Den norske

sjømannskyrkja);

ein viktig samlingsstad for dei norske. (Foto: Sveinung Dimmen)

 

Studentane observerte kvardagslivet for ulike grupper av nordmenn, og søkte å finne svar på problemstillingar knytt til livsløpsperspektivet. Nordmennene er ein del av eit internasjonalt samfunn, ogberre i Alfaz kommune er det ca. 80 ulike nasjonalitetar.

- Frå kald vinter til 30ºC kan eg godt forstå at dei vil bu der! Dei busette nordmennene var svært aktive og sosiale. Det var imponerande, seier Tone.

- Det er ikkje noko spansk samfunn å bli spansk i akkurat. Eg kan ikkje tenke meg å bu der sjølv, men det passar godt for den eldre generasjon. Sjølv ville eg reist dit eg kunne integrerast og snakka framandspråk. I dette området snakka nordmennene norsk, las norske aviser og såg norsk TV, seier Anette.

Fordommar vart endra

Det er ikkje berre pensjonistar som reiser til Spania. Studentane møtte fleire unge nordmenn, og såg tendensen til at desse har valt å bu meir i det spanske samfunnet. Mange av dei unge var yrkesaktive og arbeida ved den norske skulen, sjukehus og liknande velferdstilbod, og var i større grad integrert inn i det spanske.

- Før studieturen hadde eg valt eit tema eg ville fokusere på under opphaldet. Vi gjorde individuelle avtalar med nordmennene som bur der, og forsøkte å samle data til oppgåveskriving. Mine fordommar vart radikalt endra. På førehand trudde eg at den typiske nordmann busett i Spania, var ein FRP-politisk pensjonist som drikk øl og går på bar. Det er ein liten del av livet, men stort sett er det akkurat som her heime. Eg såg eit fellestrekk i at dei fleste som bur der har god økonomi og ressursar nok til å velje å reise. Dei fleste flyttar på grunn av klimaet, fortel Tone.

Det norske i miniatyr

Media har skapt eit bilete av dei norske koloniane i Spania gjennom avisoppslag og TV-seriar. Studentane er einige i at samfunnet er meir komplekst og mangfaldig enn kva media viser. Anette og Tone opplevde at dei norske bebuarane var positive til å snakke, men mange var skeptiske og redde for at det skulle ligge ein skjult journalistisk agenda bak samtalane, nett på grunn av medieoppslag med feil framstilling av kvardagen og nordmennene der nede.

 

SPANIA_4_525
Frå stranda i Albir; godt tilrettelagt med aktivitetar for både små og store (Foto: Sveinung Dimmen).

 

- Eg lærte svært mykje. Teori og pensum vart satt i ei anna verkelegheit, og det norske samfunn vart framstilt i miniatyr. Når det blir så konsentrert får ein fram særtrekk, og vi har mykje å lære. Møteplassar, sosialt samvær, tilgjenge, universell utforming, helsevesen og felles areal er nokre element som var mykje betre representert der nede. Det er ei anna satsing enn vi har her heime. For meg vart det eit livsløpsperspektiv og innspel på kvalitetar som vi kan ta med heim til Noreg, seier Anette.

- Eg er einig. Det var imponerande å sjå dei velhaldne bygningane. Vi er litt sjølvgode. Studieturen kan anbefalast, og var lærerik både kunnskap- og livsmessig. Eg er ikkje redd for å bli gamal lenger!, avsluttar Tone.

 Her kan du sjå programmet for studieturen til Alfaz.

Trykk på biletet under for meir informasjon om Livsløp, velferd og planlegging:

Del på