Vellukka studietur til Swansea, Wales

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

1_520

Førstelektor Alf R. Djupvik hadde fellesførelesning

Studentane frå Høgskulen i Volda fekk oppdaterte og inspirerande føreslesningar av dyktige fagfolk i Swansea, og førstelektor Alf R. Djupvik hadde fellesførelesning for norske og walisiske studentar.

- Dette falt særs godt ut, og fleire av dei walisiske studentane ønsker no å ha eit studieopphald i Volda, fortel koordinator for krim-modulen Cecilie Wilhelmsen.

Safer Swansea
Studentane var også på synfaring hos organisasjonen "Safer Swansea" - og fekk ferske tips om korleis dei jobbar for å redusere kriminaliteten blant born og unge i Wales. I tillegg fekk studentane høve til å sjå seg om i områda rundt Swansea, og som ein kuriositet fekk dei m.a. ta ein titt på husa til Catherine Zeta-Jones og Bonnie Tyler.

Studieturen var delvis sponsa av justisdepartementet, noko som fortel at studiet ved Høgskulen i Volda og studieturen vert sett på som verdifull også på departementshald.

Les meir om mastermodulen

Del på