Volda-studentar på ekskursjon til gründerkommunen Herøy

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

"Ei båtlengd føre" ;
Høgskulen i Volda er oppteken av regional planlegging og utvikling

1-525

Første stopp var på konsernet Havila sitt hovudkontor i Fosnavåg. Der vart reisefølgjet frå Høgskulen i Volda godt motteke av gründaren sjølv, Per Sævik. Han gjorde greie for familiekonsernet Havila og korleis det heile i si tid tok til. Sævik leidde forsamlinga gjennom levande framstillingar av gode tider, mindre gode tider, stoda i dag og kva utfordringar han meiner vert dei største i åra framover. Det vekte stor interesse å sjå korleis konsernet no spreier seg på mange nye felt og område for ikkje å vere så sårbare ved framtidige svingingar i marknadene. Likeeins vart det lagt merke til at Sævik understreka kor viktig det var for han å ha minst 50% eigardel i dei nye selskapa konsernet hans har skapt. Under presentasjonen til Sævik kom det fram svimlande store omsettingstal og resultat, ofte i fleire-milliard-klassen. Det skapte humring i salen kvar gong han omtala dette som "små-sjappene" sine.
 
Etter ykta med Per Sævik, fekk studentane eit møte med eitt av selskapa i konsernet. Det var Havila Shipping AS. Her var det Nils Petter Skeide som på ein levande og innsiktsfull måte førte lyttarane inn i ei større forståing av korleis dette selskapet er organisert, kva det er engasjert i, kva utfordringar det har og korleis dei ønskjer å stå fram til ei kvar tid.
 
Til slutt tok ordførar Arnulf Goksøyr tilhøyrarane med på ein seilas inn i Herøy kommune sitt slagord "Ei båtlengd føre" der han greidde ut om dei viktigaste retningslinene for drifta av Herøy kommune. Spesielt la han vekt på korleis ei opa og ærleg haldning til omgrepet konkurranse hadde vore med på å skape verdiane i kommunen. Han understreka at ei av dei viktigaste oppgåvene til kommunen var å vere ein aktiv medspelar og tilretteleggjar for alle desse initiativrike og aktive private interessene som m.a. Per Sævik er ein levande representant for.
 
Dei to representantane for Havila og ordføraren tok seg god tid til å gi grundige svar på studentane sine spørsmål og funderingar. Spesielt tema knytt til Eiksundsambandet og regionale forventningar til det, vart sette lys på. I dette møtet med Havila fekk studentane god innsikt i kva identitet og patriotisme kan ha å seie som rein drivkraft for nyskaping og initiativ.
 
Etter ein velsmakande lunsj spandert av Havila, gjekk turen rundt vågen til vitjing i ei heilt anna type verksemd. Det var til verdas største og mest moderne lakseslakteri Marine Harvest AS. Direktør Ken Schønningsen tok i mot reisefølgjet med ei orientering både om organisasjon, prosess, produkt og framtidige mål og utfordringar. I spørjerunden etter innleiinga, var fleire opptekne av utfordringane knytt til arbeidskraft. Det er stor mangel på arbeidskraft også innanfor deira område. Den dagen denne ekskursjonen gjekk føre seg, var der 200 arbeidarar i sving. 110 av desse menneska var importert arbeidskraft, spesielt unge kvinner frå baltiske land. Studentane var interesserte i lønsnivå og kva det kulturelle mangfaldet førte med seg i kvardagen i ei slik verksemd. Vitjinga vart avslutta med ein runde i sjølve slakteriet. Tekniske finessar, organisering og tempo imponerte studentgruppa.

2.525
 
Høgskulen i Volda legg vekt på det næringsmessige og kulturelle mangfaldet denne regionen har. Utviklinga innan den regionale infrastrukturen fører dette mangfaldet nærare saman, og slike ekskursjonar er lærerike og verkar som ei viktig førebuing til den nye regionale kvardagen vår.

Del på