Alle studentar, sjå her!!

Tekst: Webmaster Volda

Studentsamskipnaden har i samarbeid med TNS Gallup sendt ut ei undersøking på e-post til studentar i Volda og Ålesund. Vi treng di tilbakemelding, både ris og ros for å vite kvar vegen går vidare.

Brukerundersøkinga er ei evaluering av velferds- og tenestetilbodet til SfS. Tilbakemelding frå studentane er heilt nødvendig for å vite kva som fungerer og kva vi må gjere annleis. SfS er opptekne av at studiekvardagen skal vere så enkel som mogleg, og gjer det vi kan for å vidareutvikle og halde på gode tilbod og tenester.

SfS hadde tilsvarande undersøking i 2004, og fleire andre samskipnadar i landet har slike undersøkingar jamnleg. TNS Gallup har gitt gode råd undervegs i form av kvalitetssikring av data og utsending. Samarbeid på tvers av samskipnadar gir oss høve til å samanlikne, måle og lære av kvarandre. Det er viktig med tilbakemelding, og ei slik undersøkingar sikrar eit mangfald av studentar og ikkje berre dei som skrik høgast.

Sjekk e-posten, sett av litt tid og gi dine svar
Som takk for hjelpa er du med i trekninga av eit gåvekort frå kantina i Ålesund eller Volda på 10 gratis middagar. Undersøkinga er anonym.

Resultat vert publisert på vevsida vår så snart undersøkinga er ferdig.

Del på