Ambassadør trur utveksling avlar fred

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

38815cdabb45a73bec7cb3cf0e2f71ab22da45f4

 – Det er viktig at ein vert ordentleg kjend med kvarandre. Media og andre skapar karikaturar, og ein kan aldri få eit skikkeleg inntrykk av eit folk utan å ha møtt dei sjølv. Eg kan ikkje forstå Noreg ved å sjå Hotel Cæsar, og USA kan heller ikkje skildrast korrekt gjennom eit tv-program som Operah,  meiner K. Whitney,  som vitja den internasjonale dagen ved Høgskulen i Volda.

Då han kom til Noreg første gongen var han 17 år, hadde grodd eit skulderlangt hår, og  vog i følge seg sjølv nokre kilo mindre.

– Eg hadde aldri trudd at eg skulle komme attende som ambassadør, men etter tre år i stolen trivast eg godt, fortel han under pressekonferansen etter hans første foredrag ”Educational exchange: Turning Nations into People”.  Amerikanaren har gjort mykje for å gjere søknadsprosessane enklare for studentar og akademisk personale, og merkar ut studentutveksling som ei av dei mest prioriterte sakene til ambassaden.

-Det er viktig å gjere seg kjend med andre kulturar – kanskje først og fremst for å skape forståing og vennskap mellom dei ulike landa.  Når ein kjenner kvarandre som vener og likestillte opnar ein for eit betra samarbeid, som utvilsomt vil kunne gjere verda meir fredeleg, trur han.

Med berre om lag 150 amerikanske utvekslingsstudentar i Noreg er ambassadøren langt nær nøgd med situasjonen.

– Det er meir uvanleg å utveksle for amerikanske studentar. Vi bur i eit stort land, og er ein lei av det eine kan ein lett søkje mot noko nytt – samstundes som ein framleis held seg innanfor eigne landegrenser, peikar han på. K. Whitney meiner likevel at Noreg har mykje å freiste med.- Landet er det vakraste i Europa, nokon vil seie verda, og det er unike moglegheiter for å studere på engelsk. Dessutan er det økonomisk gunstig – amerikanske studentar slepp omlag å betale noko som helst, bortsett frå veldig dyr øl, ler han.

Tekst og foto: Iris Engen Skadal

Del på