Arbeidslivet vil ha Erasmus-studentar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Har du vore ute som Erasmus-student får du ikkje berre fagleg påfyll, men du får også oppleve andre språk og kulturar. I tillegg får dei som dreg du ut som praksisstudentar gjennom Erasmus-programmet får verdifull arbeidserfaring, understrekar studien.

- Dette er også våre erfaringar, seier leiar for Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen ved Høgskulen i Volda.
- Internasjonal erfaring, anten gjennom delstudiar eller praksis, er viktig når du skal søke jobb. 

- Gjennom Erasmus-programmet kan studentar ikkje berre få gratis studieplass, men også eit stipend på kr. 2.200 per månad.
- Studentane kan også få praksisplass i utlandet under Erasmus-paraplyen og få kr. 3.300 i stipend per månad. 

Høgskulen i Volda har mange ledige Erasmus-stipend for studentar som ønskjer seg til ein av partnarinstitusjonane i Europa gjennom våren 2008.
- Det er også verdt å merke seg at Erasmus er Europas mest populære program, seier Wilhelmsen.

Les meir om Erasmus på heimesida til SIU

Del på