Bachelorkonsertar ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Onsdag 13, desember kl. 17.30 vert det konsert i auditoriet i Henrik Kaarstad-huset på Høgskulen. Andreas Torheim har tubaen som sitt instrument, og vil presentere musikk under tittelen ”Tubaen i ulike roller”. Han har med seg ulike typar blåseensemble som messingkvintett og jazzensemble.

 

plakat1

Same dag kl. 19.00 vil Siv Aurdal halde ein konsert i Salen i Ivar Aasentunet under tittelen ”…Fekk han hug til si heimlege strand…”. Her vil ho presentere musikk med tekstar av dei lokale diktarane Ivar Aasen, Anders Hovden og Anders Vassbotn. Ho vil synge sjeldan framførte songar av Christian Sinding, Catharinus Elling, Arne Eggen og Eyvind Alnæs. Ho vert akkompagnert av Bård Dahle på flygel.

Rokken er scena for konserten til Hans Christian Humberset. Under tittelen ”Twang! - Eletrisk gitar i countrymusikk” presenterer han onsdag 13. desember kl. 21.00 seg som country-gitarist. Med eit variert repertoar basert på countrymusikk viser han varierte speleteknikkar for eletrisk gitar. Steinar Engelbrektson Band som er bandet han spelar i, vert med på konserten.

Torsdag 14. desember kl. 17.30 er det Volda Kyrkje som gir rom for konserten til Christine Asheim. Ho har kalla konserten sin for ”Glimt av himmel!”, og ho ønskjer å skape ei stund prega av fred og ro gjennom eit utval av salmar som ho er glad i. Christine har med seg tre medstudentar i bandet ”TreFir” på konserten.

Seinare på kvelden den 14. desember held Yngvil Birkeland konsert på Volda vidaregåande skule, Nedretun, kl. 19.00. Konserten har fått tittelen ”Den gode melodien”, og ho vil presentere eit knippe vakre melodiar frå varierte sjangrar som folketonar, viser og jazz. Svein Hunnes og Magne Slettevoll akkompagnerer.

Det Grøne Treet er staden for konserten til Marit Lystad Johansen torsdag 14. desember kl. 21.00. Ho kallar konserten sin for ”Inspirert av Billie og Janis!” Ho vil presentere låtar som Billie Holiday og Janis Joplin har sunge, og framføre dei på sin måte. Så her vert det jazz og rock akkompagnert av Svein Hunnes og Hans Christian Humberset.

plakat2

Les om Bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda

Del på