Berserkmannskapet med kaptein Jarle og Alex Rosén til Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Du har kanskje sett NRK-serien ”Berserk til Valhall” med mannskapet på Berserk II på veg til Russland? – Du er ikkje åleine, for over 700 000 andre har følgt med på serien kvar torsdagskveld.

berserk_520

Kokk og matros Alex Rosén (t.v.) og kaptein Jarle Andhøy kjem til Volda


No kan du møta Jarle og Alex som signerer bøker i Gnistbokhandelen torsdag 23.2 frå kl. 15.00 til 15.30. Etterpå har dei mulitimediashow på studenthuset Rokken kl. 21.00. Dørene opnar kl. 20.00 – og mannskapet startar presis 21.00.

Til Odins rike
I juni 2002 segla Jarle Andhøy, Alex Rosén og David Mercy med kurs mot Nordishavet. Målet var å segle i vikinghøvdingen Ottar sitt kjølvatn og å segle lengst mulig nord mot polisen. Ekspedisjonen sette verdsrekord, ingen seglbåt hadde tidlegare segla så langt nord, i ope farvatn.

I juli 2004 heldt ekspedisjonen fram etter å ha vorte forsøkt stoppa av Politiet og Kystvakta på Finnmarkskysten. Sysselmannen hadde ettersøkt ”Dyrenes konge” etter møtet hans med ein isbjørn på Svalbard.
I rein sjørøvarstil flyktar Berserk til fridomens Russland, og seglar vidare til pomorane sitt rike for å gje frå seg vennskapssteinen frå Noreg.
Seglasen går gjennom Russland sin bakgard og dystre historie til vikinghøvdingen Odin sin heimstad i Asenes hov, før vinterseglasen til Valhall.


Multimediashow på Rokken

Multimediashowet frå Berserkseglasen er eit viktig utanrikspolitisk prosjekt som knyt vennskap mellom nordmenn og russarar i dag og set fokus på miljøutfordringane i nordområda.

I tillegg har Berserkmannskapet blåst liv i Thor Heyerdahl sin teori om kongen Odin gjennom reisa si frå Azov (Asenes hov) til kongeriket hans i Sigtuna.
Berserkmannskapet har innleidd eit samarbeid med Team Heyerdahl for å avslutte det siste arbeide hans i Azov.
Odinprosjektet var eit forsøk på å prove at norske kongerekkjer kjem frå Azovområdet slik Snorre skreiv det i Ynglingesagaen.

Delar av inntektene går til å finansiere nye utgravingar i prosjektet som døde med Thor Heyerdahl sin bortgong, og for å heidre det siste arbeidet som han ikkje fekk avslutta.

Berserkmannskapet og team Heyerdahl er ikkje i tvil - Thor Heyerdahl hadde rett – og no er tida inne for å prove Snorre sin saga og Thor Heyerdahl sin siste teori.

Møt opp på Gnist Møre torsdag kl. 15.00 og kom på showet på Rokken kl. 20.00 (start 21.00)


Berserkvisa vart produsert av Christer Hjelmeland og spelt inn på Tinnitus Recordingi Bergen i august 2003. (mp3.fil)

Les meir på Berserk si heimeside

Del på