Bruk moglegheita du har!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

cdb60101c29643c87c213cf319b60067fa3f7b41
Frå eit studenttingsmøte skuleåret 08/09! Jobber med saker, samtidig som me har det sosialt.

Studenttinget i Volda er eit lovpålagt organ Høgskulen i Volda må ha dersom studentar ber om det. Under Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) står det at alle høgskular og universitet skal ha eit studentorgan der studentane skal verte høyrde i alle saker som angår dei, og STiV vert høyrde.

Men i det siste har engasjementet vært så lågt at man kan undre seg over om det verkeleg er nødvendig med eit Studentting i Volda.

Til forskjell frå organisasjonar som studentsamfunnet i Volda eller DokFilm er det ikkje frivillige me ber om, men om di meining. Når eg sit på møte med leiinga ved Høgskulen i Volda vil dei at eg skal uttale meg på vegne av studentane i Volda, men av og til føler eg med som ein svindlar når eg ytrar orda, ”studentane vil at ...”. Dette er fordi eg kan uttale meg på vegne av utsagn frå mitt sosiale nettverk og det nettverket eg har rundt i organisasjonar i Volda, men ikkje på vegne av dei 3000 registrerte studentane i Volda.

Men eg vil ikkje at samtlige skal kome til meg å uttale seg om kva dei meiner, då dette hadde gitt meg ei umogleg arbeidsoppgåve kvar dag- Eg vil studentane i Volda skal skjønne kva påverkningskraft dei egentlig sit med. Me har kanalar oppover i systemet slik at du som student skal få det enklast råd når det kjem til å seie kva du meiner.

Eg har alltid tid å slå av ein prat om det trengs. Eg er ofte på skulen, og om ikkje ligg telefonnummeret mitt på heimesida vår, saman med e-posten min. Det samme gjeld alle dei andre styremedlemmane. Me har og fullstendig taushetsplikt, slik at det du som student seier til oss, kjem me til å gå vidare med uten å avsløre ditt namn.

Ellers har du ein tillitsvald i di klasse som har møte med oss i styret ein gong i månaden, og oftare om du eller klassa di krev det. Du er og velkomen til å bli med på studenttingsmøta som er ein gong i månaden, der det vert bestemmt kva STiV skal synes i saker og kva me i styret skal jobbe med.

Så som du skjønner, er det du som student som bestemmer kva eg skal seie til leiinga ved skulen vår, så eg og resten av styret i STiV må høyre kva du meiner!

det er du som har makta!

Mvh
Ole Martinus Breivik
Leiar i STiV


Del på