Dansefeber i Volda: Salsakurs 17. - 19. oktober

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Då Studenttinget i Volda (STiV) fekk førespurnad frå ein salsainstruktør om å arrangere kurs, var svaret sjølvsagt ja, melder Ellen Flå i STiV.

– Salsakurset vil finne stad på campus 17. – 19. oktober. Det er ikkje bestemt kva rom som skal brukast enno, men dette vil bli annonsert snarast.

Tidene for kurset:
Fredag 17.10: 18.00 – 20.30
Lørdag 18.10: 14.00 – 16.30
Søndag 19.10: 14.00 – 17.00

Pris: 200,- for studentar og 500,- for andre.

Påmeldingsliste heng ved STiV-kontoret i Berte Kanutte-huset. Flest mogleg må skriva seg på der, men det er sjølvsagt høve til å møta opp dersom ein bestemmer seg i siste liten.

Studenttinget håpar det vert stort oppmøte og mange svingande hofter.

Del på