Denne veka er det karrieredagar i Møre og Romsdal

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

karrieredag525
Frå venstre: Niandeklassingar får prøve å  lage forenkla fjernsynssending med god hjelp frå (f.v) Pål Aam, Linda Lie, Annette Karlsen, Torbjørn Frantsen

Pål Aam er førstelektor ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.

Saman med Torbjørn Frantsen, høgskulelektor med Avdeling for kulturfag, skal han forklare tiandeklassingar frå heile fylket kva yrke dei kan få ved å ta utdanning ved Høgskulen i Volda.

Til å hjelpe seg har dei fått med Annette Karlsen og Linda Lie, avgangsstudentar ved Informasjonsutdanninga i Volda.

Arrangementa vert avvikla i Ålesund 15.-17.oktober og i Kristiansund 17.-19.oktober.

Mange spennande yrke

- Ved å ta utdanning innan informasjon og media kan ein velje mellom spennande yrke som for eksempel regissør, fotograf, journalist, web-designer eller som informasjonsansvarleg i ei verksemd eller ein organisasjon, seier Aam. Dette er nokre av yrka elevanekan få høyre meir om ved å kome innom standen til Høgskulen i Volda.

Karriererettleiingsprosjekti Møre og Romsdal

Høgskulen i Volda er med i eit to-årig prosjekt som har som mål å arbeide med eit heilskapleg system for karriererettleiing i fylket. Prosjektet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke, ungdomsskulane, dei vidaregåande skulane, foreldre, NAV, fag- og opplæringskontor, partane i arbeidslivet i offentleg og privat sektor, PPT, OT, teknisk fagskule og høgskulane i Volda, Ålesund og Molde.

Torill Engeseth, tilsett ved Informasjonskontoret ved Høgskulen i Volda, er prosjektleiar for karriererettleiingsprosjektet ved HVO.

- Undersøkingar syner at i Møre og Romsdal sluttar heile 28 prosent av elevane før dei er ferdig med vidaregåande opplæring, seier Engeseth.

Ho fortel at Møre og Romsdal fylkeskommune starta karriereprosjektet for å motverke denne negative utviklinga. Ein anna viktig årsak er å gjere det attraktivt for ungdom å ta utdanning og busette seg i fylket.

- Vi tek prosjektet svært alvorleg. Ved å delta på karriererettleiingsdagane ønskjer vi å synleggjere nokre av dei yrke ein kan få ved å ta utdanning ved Høgskulen i Volda, avsluttar Engeseth.

Gå til nettsidene for Karrieredagane

Av: Lisbeth Svendsen Søvik, praksisstudent ,Bachelorgradsstudiet i informasjon og media.

Del på