Destinasjon Utanland

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Som student i Volda finst der mange moglegheiter for dei som ønskjer å studere utanlands.

Høgskulen kan tilby eitt eller fleire semester i utlandet hjå ei rekke spennande universitet i utlandet. Ein av sjansane til utanlandsopphald er Austral-asiatiske kulturstudiar. Høgskulen har fått ein tilstandsrapport frå livet "down under" så langt, og det er ikkje noko som tyder på at dei angrar.

 

Inntrykksfullt

Årets kull gjorde seg klar til avreise i slutten av august etter to intensive veker med førelesning i Volda. Første stopp på reisa var Malaysia og Kuala Lumpur. Her fekk studentane mellom anna oppleve storslått feiring av nasjonaldagen og billig shopping. Det som kanskje gjorde mest inntrykk var ekskursjonen til Crab Island, krabbeøya.

Pernille Dvergdal, som er ei av dei 30 studentane på tur, skildrar sitt møte med øya:

"Det første som møter deg er synet av en hel liten by som er bygget på stolper. Grunnlaget er i teorien gjørme, så byen er derfor bygget over vannet. Innbyggerne er selv velkledde, har rene hus og lever ikke så forskjellig fra oss. Bortsett fra at de balanserer på stier av planker eller asfalt tre meter over gjørme og store mengder søppel."


Trass i ein solid kulturkrasj mot det daglege, skremde ikkje inntrykket frå øya studentane til vidare kulturopplevingar. Neste destinasjon var Singapore.

 

Shopping

Mot ei veke i Malaysia hadde studentane to dagar til rådigvelde i Singapore. Tida blei brukt til mellom anna shopping. Masse shopping. Pernille Dvergdal fortel om eit kjøpesenter som held ope 24 timar i døgnet, året rundt. Det verkar ikkje heilt feil for dei shoppinggale. Men Singapore kunne by på meir enn kjøpesenter og shopping. Chinatown, Little India og nattsafari er opplevingar som var vel verdt å få med seg. 

Australsk kvardagsliv

Etter nokre inntrykksfulle dagar i Malaysia og Singapore går ferda vidare til Australia, nærmare bestemt Brisbane. Her skal studentane bu i seks veker. Gjennom ulike førelesningar og ekskursjonar skal studentane få eit innblikk i australsk kunst og kultur, religion, historie, politikk, sosiale forhold, utdanningssystem og velferd. Alle desse førelesningane er obligatoriske. Tida i Brisbane tillet også til strandliv, kengurubesøk og mykje moro. Sjølvsagt blir det tid til shopping også.

Etter desse seks vekene i Australia set studentane kursen mot Japan. Her skal dei få oppleve det pulserande livet i Tokyo, Kyoto og Hiroshima på nært hald. Dette er for mange høgdepunktet gjennom heile kulturreisa.

Tysk utveksling

Medan nokre gjer ei reise gjennom Asia og Australia på fire månadar, vel andre å gjennomføre eit heilt år i utlandet. Håvard Fossum frå Bachelorgradsstudiet i journalistikk gjennomførte studieåret 2006/2007 ved Hochschule für Bildende Künste i Braunschweig. 

Lærarrike fag

Håvard Fossum ar fasinert av landet, folket, litteraturen og musikken, og valde dermed Tyskland som sin studiestad. For at Håvard best skulle få utvikla seg og sine interesser var Kommunikasjonsdesign ved Braunschweig kunsthøgskule mest aktuelt.

Fagemna blei valde frå interesser og kunnskap. Håvard enda opp med kunsthistorie, filmsjåing, innføring i Macromedia Flash og fotofag. Trass i at nokre fag ikkje var heilt etter forventningane, var det likevel lærerikt, både i form av mengde kunnskap og i form av tilbakemelding og oppfølging av prosjekta. Håvard skildrar korleis gangen frå idé til ferdig produkt var noko av det viktigaste han opplevde.

Som fotostudent fekk han også høve til å dele atelier med nokre av medstudentane. Håvard skildrar dette som ei unik moglegheit til å lære naudsynte designprogram, i tillegg til å få kreative og konstruktive tilbakemeldingar frå medstudentar med opparbeidd fagkompetanse.

Erfaringsmessig opplevde Håvard at læringsmiljøet var på høgde med Noreg, om ikkje betre.

Fritida er rik av opplevingar

Den språklege barrieren blei ikkje så vanskeleg som frykta. Håvard, som har hatt tysk både på ungdomsskulen og vidaregåande, opplevde ein stigande læringskurve.

Håvard si oppleving var at når ein heile tida snakkar med tyskarar og les tyske aviser, lærer ein språket forrykande fort.

Kvardagen elles var ikkje heilt ulik den ein har i Volda. Øl med venner, filmkveld og trening.

Men med gratis kollektivtransport i heile Niedersachsen fylke, blei det tid til opplevingsrike ekskursjonar også. Unesco-freda Wolfenbüttel (der Jägermeister vert produsert), Europa sin største bilfabrikk i Wolfsburg og uttrykksfulle statuar og kyrkjer er berre nokre av det Håvard har opplevd.

Anbefalingar
Etter enda opphald i Braunschweig er Håvard svært nøgd med utanlandsopphaldet. Dersom ein er ute etter eit studie med stort fagleg utbytte, anbefalar han Kommunikasjonsdesign ved HBK- Braunschweig på det sterkaste. Konklusjonen etter tida som utvekslingsstudent var stor språkleg utvikling, variert kulturtilbod, behageleg prisnivå og knall lærdom.

 

Ønskjer du å lese meir om studiar utanlands? Les mer her

Del på