Digitale dagbøker frå Noreg og Tyrkia

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Prosjektet involverer fem studentar og ein lærar frå kvart land. Den tyrkiske gruppa med lærar Ebru Baranseli ved Graphic Design Departement i spissen, vil no arbeide i Noreg i eit par veker.I oktober reiser fem animasjons- og designstudentane frå Volda til Tyrkia for å gjere tilsvarande arbeid der.

 

Digital dagbok

- Hovudoppgåva for studentane er å lage ei digital dagbok basert på inntrykka dei får frå opphaldet i dei ulike landa. Dei tyrkiske studentane får utlevert ein tekst, songen ”Trollferd” av Kari Rueslåtten, som skal fungere som eit slags filter for tolkinga av inntrykka frå Noreg. Dei norske studentane får utlevert ein liknande tekst for sitt arbeid i Tyrkia, seier Lewe.

bordsete
God stemning under det første møtet i dag. Vi ser m. a.

Ebru Baraseli  (til venstre), rektor Gunnar Stave og prosjektleiar Thomas Lewe (til høgre).

Publisering på Internett

Den endelege presentasjonen vil innehalde to dagbøker, ei produsert i Volda basert på dei norske studentane sine inntrykk frå Tyrkia, og ei produsert i Tyrkia basert på dei tyrkiske studentane sine inntrykk frå Noreg. Dagbøkene vil bli presenterte på Internett i form av animasjonar, tekstar, teikningar, lyd og foto osv.

ebru_baraseli-meld
- Gjennom dette prosjektet ser vi fram til å bli betre kjent med Noreg og norsk kultur, seier designlærar

Ebru Baraseli ved Universitetet i Eskisehir i Andolu i Tyrkia.

Reiser

Studentane frå Eskisehir skal no først gjere seg kjende med HVO og innhaldet i studieprogramma media, IKT og design (MID) og animasjonsfilm. Seinare vert det m. a. besøk til Geiranger, fiske- og fjellturar i Volda og ein tur til Oslo.

 

gruppa-meld

Gjengen som skal arbeide med "Digital diary" i vekene framover.

Del på