Diskusjonsgruppe: Interessert i andre språk og kulturar?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Nus-studentane (norsk for utanlandske studentar) her på høgskulen har no lært norsk eit semester. Det er svært viktig for dei å ta det norske språket i bruk i så mange situasjonar som mogeleg og slik utvide ordforrådet sitt. Difor vil vi prøve å få til diskusjonsgrupper leidde av norske studentar.

Kan du tenkje deg å vere gruppeleiar for ei gruppe på fem til seks Nus-studentar i ein periode framover?

Omfang, tid og stad:

14 timar per gruppe, ein dobbeltime i 7 veker, vi treng 5 gruppeleiarar. Oppstart vert i veke 4. Vi ordnar eit første møte med studentane slik at du får gjort avtale med dei om vekedag, stad og klokkeslett. Timane kan vere på dagtid eller ettermiddag / kveld.

Emne:

Det er fint om du legg opp til diskusjonar der dei får øve inn ordforrådet dei har i samfunnsfagboka si, Her på berget. Du vil få kopiar med oversyn over kapitla og emna dei arbeider med, og slik finn du også tips til diskusjonsemna.

Hugs! - du skal ikkje drive undervisning i grammatikk eller samfunnsfag, din jobb er å styre diskusjonen og sjå til at alle tek del - at alle snakkar!

Opplæringsmålet for NUS-studentane er bokmål.

Betaling/info:

Vi betaler 150 kroner timen, og du får relevant praksis på cv-en din. Er du interessert, så ta kontakt med Hilde Osdal, tlf. 70075142, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, 2. etasje BK. Du kan også kontakte meg på e-post: hilde.osdal@hivolda.no.


Dette er ein unik sjanse til å sjå norsk frå ein ny ståstad og til å møte flinke, engasjerte studentar frå den store verda - så den som kjem først til mølla..!   

Del på